Hopp til innhold

Ildsint Høgreordførar

Meiner stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet prøvar å ta æra for ny dugnadssentral i kommunen.

Anne-Rita Nicklasson og Anna Ljunggren

Høgreordførar i Ballangen Anne-Rita Nicklasson (t.v.) er provosert over måten Anna Ljunggren (Ap) informerte om pengar til ny dugnadssentral i kommunen.

Foto: NRK

Ordførar i Ballangen, Anne-Rita Nicklasson (H) er rasande på stortingsrepresentant Anna Ljunggren (Ap), og meiner ap-politikaren prøvar å sole seg i glansen av andre sitt arbeid.

- Arbeidet med å få ein dugnadssentral i Ballangen starta då eg blei ordførar. Anna Ljunggren har slett ikkje vore involvert i arbeidet, seier Nicklasson.

Kommunen har søkt Kommunal og Regionaldepartementet om støtte til å opprette dugnadssentralen. I dag presenterte stortingsrepresentant Anna Ljunggren gladmeldinga om at pengane kjem.

- Slett forvaltningsskikk

Nicklasson reagerar sterkt på måten informasjonen vart gitt på. Meldinga blei overlevert på telefon til formannskapssekretæren i Ballangen av Ljunggren frå Arbeidarpartiet, og ikkje av departementet som har behandla saka.

- Ljunggren er ein politikar eg ikkje har tillit til, og som heller ikkje har blitt spurt. Eg forventar at når vi har levert ein skriftleg søknad til eit organ, då skal vi ha ei skriftleg tilbakemelding på den søknaden. Så kan heller kven som helst meine noko om saka etterpå, seier ho.

- Er det ikkje naturleg at ein lokal stortingsrepresentant for eit regjeringsparti får høve til å informere kommunen om dette?

Anne Rita Nicklasson, ordfører i Ballangen

Anne Rita Nicklasson (H).

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

- Nei, det er ikkje naturleg. Det luktar sterkt av denne måten å jobbe på. Det førre regimet i kommunen som bestod av Senterpartiet og Arbeidarpartiet lukta ikkje eingong på idéen om ein sentral. Dette er ikkje noko som Arbeidarpartiet verken lokalt eller sentralt kan ta æra for.

- Kvifor trur du då Anna Ljunggren kontakta kommunen om dette?

- Det er sjølvsagt for at denne regjeringa skal prøve å gi eit betre inntrykk av kva den har utretta, og denne stortingsrepresentanten skal gi eit betre bilete av seg sjølv i forhold til kva arbeid ho har vore inne i, meiner Nicklasson.

Avviser kritikken

Stortingsrepresentant Anna Ljunggren frå Arbeidarpartiet stiller seg uforståande til kritikken frå Nicklasson.

- Det framstår litt underleg at Ballangen sin offisielle representant står fram slik når kommunen har fått løyva pengar til eit godt formål som dugnadssentralen er, seier Ljunggren.

Ho avviser også kritikken frå Nicklasson knytt til at informasjonen ikkje vart gitt på korrekt måte, og at ho dermed har vist dårleg forvaltningsskikk.

- Det er eit brev på tur i posten til Nicklasson no. Eg skjønnar jo at det er ubehagleg å vere høgreordførar når ho får sjå fordelane av raudgrønn politikk. Vår politikk har gjort dugnadssentralen mogleg. Då er det min rett og plikt å få informere sentralen om dette, meiner Ljunggren.

- Nicklasson påstår at Arbeidarpartiet lokalt ikkje har gjort noko for å få på plass ein dugnadssentral i Ballangen.

- All ære til det arbeidet Nicklasson har gjort, men denne regjeringa har satsa massivt på dugnadssentralar. Stortinget har løyva pengar til dette. Eg har vore ute med masse dugnadssentralar før, mellom anna i Narvik, og eg jobbar med dette fordi eg meiner det er eit veldig bra tiltak som mange kommunar bør ha, seier Ljunggren.

Glad for sentralen

Anna Ljunggren Ap

Anna Ljunggren (Ap).

Foto: Arbeiderpartiet

Sjølv om ordførar Anne-Rita Nicklasson er utilfreds med måten dei fekk høyre om saka på, er ho glad for at pengane til dugnadssentralen no er på plass.

- Vi skal no få lyst ut stillinga i full fart, og eg er lukkeleg for at vi får desse pengane. Men som sagt skuldast det ein langvarig prosess i forkant.

Kommunen får i første omgang 140.000 kroner til drifta i år. Deretter får kommunen 270.000 kroner i året, noko som skal dekke 60 prosent av driftskostnadane ved å opprette ei fast stilling ved senteret.

- Vi har gjort alt forarbeidet. Vi har til og med namnet på huset klart. Nabohjelpen skal det heite, så vi satsar på å ha dette på plass seinast etter nyttår.

Når kommunen har funne den rette personen til å jobbe ved sentralen, skal denne jobbe med dei om lag 90 frivillege laga og foreiningane i Ballangen. Målet er å koordinere samarbeid på tvers for dei som måtte trenge hjelp med ulike småjobbar.