Hopp til innhold

Havet blir dobbelt så bråkete kvart tiår: – Kvalane må rope høgare på kvarandre

Både menneska og kvalane blir meir stressa av ein stadig meir støyande kvardag.

En hval i havet med fjell i bakgrunnen

Forsking frå Havforskingsinstituttet og Forsvarets forskingsinstitutt viser at kval blir stressa av meir støy i havet.

Foto: Audun Rikardsen

For menneska er lys det som er viktigast for å orientere seg.

Men om du levde under vatn hadde det ikkje vore lys, men lyd som var viktigast.

– Under vatn kan lyd forplante seg om lag frå Sørpolen til Nordpolen under riktige forhold, fortel Geir Pedersen i Havforskningsinstituttet (HI).

Men det blir om lag 10 dB meir lyd i havet kvart tiår.

No begynner det å bli ordentleg bråkete.

Det kjenner både menneska og kvalane på kroppen.

Les også For første gang er vågehvaler hørselstesta: – De hører mer enn vi tror

Dette er den ene vågehvalen som ble hørselstesta. Rester av fiskegarn hadde vokst inn i snuten på den. Forskerne klarte på fjerne dette før de målte hvalens hørsel.

3100 prosent meir bråkete på 50 år

Havet har aldri vore stille.

Bråket har kome frå dyr som kommuniserer, undersjøiske jordskjelv, regn og vind.

Det var mykje lyd i havet også før menneska begynte å bråke.

Frå 1950 til 2000 dobla skipstrafikken på verdsbasis seg, ifølge Havforskningsinstituttet. Det gjorde at lydintensiteten dobla seg kvart tiår i perioden.

I 2000 var lydintensiteten i havet 32 gonger sterkare enn i 1950. Eller sagt på ein annan måte: Bråket auka med 3300 prosent frå 1950 til 2020.

Forskernes båt omringet av hval

Særleg shipping, og stor auke i skipstrafikk, er årsak til at det heile tida er ei auka av bakgrunnsstøy for dyra i havet. Men også fiskeri og militær aktivitet i havet speler inn.

Foto: Deanna Marie Leonard

– Vi har bidratt frykteleg mykje til å auke lydnivået i havet, seier Geir Pedersen, forskar på økosystemakustikk ved Havforskingsinstituttet (HI).

Moderne skip, med propellar og motordur, har spelt hovudrolla.

– Jo større skipa blir, jo meir lyd blir det. Det blir ein global bakgrunnsstøy, spesielt ved hamnar, seier Pedersen.

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «LoVe Ocean»

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «LoVe Ocean» ved Havforskingsinstituttet. Dei forskar på lydlandskapet i havet.

Foto: Christine Fagerbakke / HI

– Kva gjer det med kvalane?

– Anten klarer dei ikkje å kommunisere like langt, eller så må dei bruke meir energi på å kommunisere, seier Pedersen ved HI.

Kvalane må rett og slett rope høgare til kvarandre i all støyen frå båtane.

– Vil det seie at kvalane blir hesare?

– Det finst ikkje noko bevis for det, men kanskje? Vi veit iallfall at kvalane må auke styrken eller gå opp i frekvens, seier Pedersen.

Les også Sjøpattedyr kan miste hørselen av menneskeskapt støy i havet

FFIs forskningsfartøy HU Sverdrup II på Jan Mayen for å forske på nebbhval og sonar i 2013.

Meir bråk for menneska også

No lurar du sikkert på kor menneska kjem inn.

Det har seg nemleg slik at det ikkje berre er kvalar som blir påverka av meir støy.

Også menneska har måtte bli vant til ein meir bråkete kvardag.

– Det er fleire og fleire som er utsett av støy, og vegtrafikkstøy er den klart største kjelda. Årsaka er auka trafikk og at fleire menneske buset seg i traffikerte område, fortel seniorforskar ved Folkehelseinstituttet, Gunn Marit Aasvang.

SSB har sidan 1999 kartlagt kor mykje støy menneske blir utsette for.

FHI sin oversikt viser kor mykje støy vi menneske blir utsett for frå ulike kjelder. Støyen er målt frå 1999-2019. Mørkaste blåfarge er frå 2019, lysaste er frå 1999.

Figuren viser tal støyutsette over 55 dB ved bustad frå forskjellige støykjelder. 1999, 2005, 2014 og 2019. Datakjelde: SSB.

Foto: FHI

Særleg for vegtrafikk har det blitt meir støy. Det er rett og slett fordi antal køyretøy aukar. Sjølv om det har blitt gjort fleire tiltak for å få ned støyen, både på bilane og med støyskjermar og voller.

– Kva gjer det med oss at det blir meir støy rundt oss?

– Støy er forstyrrande og distraherande også på oss. Det gjer at også vi må prate høgare og det kan gi konsentrasjonsproblem.

Gunn Marit Aasvang

Gunn Marit Aasvang er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet og forskar på kva støy vi bli påverka av, og korleis det påverkar oss.

Foto: Hanne Tharaldsen / Nasjonalt folkehelseinstitutt

I tillegg veit forskarane at vi søv dårlegare og får ein meir fragmentert søvn når det er støy. Det gjer oss meir stressa både på natta og på dagen.

Over tid kan det auke risikoen for hjarte- og karsjukdommar, fedme og diabetes.

Blir du meir stressa av støy rundt deg?

– Støy rommar mykje forskjellige kjensler som mellom anna frustrasjon, irritasjon og oppgittheit, seier Aasvang.

– Det er ikkje så overraskande at støyen til oss menneske også går ut over kvalane. Men dei har diverre ikkje noko nytte av det.

Hvaldimir ligger i vannskorpen. I bakgrunnen er snødekte fjell. Hvaldimir har munnen åpen og de skimter dårlige tenner.

Forskar på høyrsel ved FHI, Bo Engdahl, fortel at lyd ikkje forplantar seg på same måte i luft som i vatn. For kvar fordobling i avstand blir lyden i luft redusert med 6 dB

Foto: Inge Wegge

Forsvarets forskningsinstitutt: – Veit dei blir stressa

I 2017 blei støy i havet offisielt ein del av EU-regelverket. No ser ein på undervasstøy som forureining. Då blei det bestemt at ein skulle begynne å måle støyen.

For støy i havet kan gjere livet vanskelegare for dyra som lever der, på same måte som andre typar forureining.

Nokon har til og med hevda at til dømes kvalar kan døy.

Les også Støy kan skremme hvaler i hjel – forskere skal finne ut hvor lite støy hvalen tåler

Sørlig retthval

Difor har Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) sett i gang fleire forskingsprosjekt på høyrsel hos kval.

Forskar Petter Kvadsheim fortel at mellom anna Bardekvaler og Vågekvaler høyrer meir enn dei trudde før.

FFI-sjefsforskar Petter Kvadsheim

No forskar Petter Kvadsheim og dei andre forskarane på FFI på korleis ein ny type sonarsignal som er mykje meir kontinuerleg, sjølv om det er eit lågare lydnivå, påverkar kval.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

– Dei oppfattar meir av den menneskeskapte støyen enn vi tidlegare har antatt. Det vi har funnet kan kanskje få konsekvensar både for forsvaret og andre som driv med støyande aktivitet, seier Kvadsheim.

Det har vore tilfelle der kvalar sannsynlegvis har utvikla dykkesjuke og på den måten har blitt «skremt opp» på stranda etter høge lyder, fortel forskaren.

– Vi veit at seismikk eller militære aktivitetar gjer at dei forlèt område. Det kan bety at dei sym vekk frå mat der dei til dømes hadde tenkt å ete, seier han.

– Vi veit at dei blir stressa og at dei får ein større belastning. Det handlar òg om at støynivået framleis aukar.

Les også Vågehval druknet under omstridt prosjekt i Lofoten: – Det verste som kunne skje

Området det ble forsket på hval i Lofoten

– Kan vere dødeleg

Audun Rikardsen seiar at det er vanskeleg å kartlegge kor mykje stress kvalane får av lyd, fordi lyd kan vere så forskjellig.

– Kvalar kommuniserer mellom seg og andre dyr med lyd. Dei sender ut lydsignal som dei får tilbake og kartlegg omgjevnadane ved hjelp av det.

Hvalforsker Audun Rikardsen etter en vellykket merking av spekkhogger.

Audun Rikardsen er biolog og professor i arktisk og marin biologi ved UIT Noregs arktiske universitet.

Foto: Fredrik Broms

Det påverkar kvalane negativt. Støyen gjer det vanskelegare å bruke ekkolokalisering.

– Det positive er at noko støy kan vere som ei matbjelle for kvalane. Spekkhoggar eller Knølkval har lært seg lyden av vinsjane til trålarar.

En yrende sildebuffet serveres der tropiske strømmer kolliderer med Nordishavet. Men der hav møter land er det bare de tøffeste som klarer seg.

Ein yrande sildebuffé blir servert der tropiske strøymer kolliderer med Nordishavet. Men der hav møter land er det berre de tøffaste som klarer seg.

Men om det er ein lyd som skjer plutseleg og er vanskeleg å flykte frå kan det vere dramatisk, forklarar Rikardsen.

– Det kan vere direkte eller indirekte dødeleg.

– Eg veit ikkje om dei syng høgare eller i andre frekvensar. Det må vere i område der det er mykje støy, særleg frå fiskebåtar. Det er ikkje usannsynleg.

Les også Hvalforsker ønsker støygrense under vann: – Norge kan være rollemodell i verden

 Hvalforsker ønsker støygrense under vann