Hopp til innhold

Høgre: Inngår ingen kompromiss overfor Russland

– Det Russland har gjort og gjer mot ein av sine næraste naboar må ta slutt, seier Stig Tore Skogsholm, gruppeleiar for Høgre i Nordland fylkesting, ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Difor avsluttar dei no samarbeidsavtalar med to russiske oblaster.

– Ved å avslutte samarbeidsavtalane med to russiske oblaster gir vi ein tydeleg beskjed til Russland: De har spolert alle moglegheiter for samarbeid i all overskueleg framtid, seier Skogsholm.

I debatten om at samarbeidsavtalane med dei russiske oblastene Arkhangelsk og Leningrad ikkje skal vidareførast, blei det i dag diskusjon i fylkestinget. Denne diskusjonen meiner Skogsholm det ikkje er grunn til å ha.

– Russland skal ikkje få noko moglegheit til å hevde tvil om kor Noreg og Nordland står. Signala må vere umoglege å feiltolke. Dei som meiner vi skal vere tvetydige og opne for nytt samarbeid med ein gong konflikten skulle ta slutt, bør tenke over kva signal dette sender, seier gruppeleiaren.

Skogsholm får støtte av partifelle Siv Anita Brekke.

– Dagens Russland utviklar seg i motsett retning av det vi legg i demokratiomgrepet. Av mange blir det oppfatta som eit autoritært regime, og det verkar dessverre som dei ikkje skyr noko midlar for å oppnå sine mål, seier ho.

Stig Tore Skogsholm og Siv Anita Johnsen Brekke
Foto: Nordland fylkesting