Hopp til innhold

Hyrer kjendisadvokat etter nedrykk: – Det heile blir nesten parodisk

Narvik Arctic Eagles nektar å godta vedtaket om nedrykk. No har dei hyra kjendisadvokat Per A. Flod til å sjå på ankesaka.

Wade Murphy. Narviks Wade Murphy under eliteserien i ishockey mellom Vålerenga og Narvik i Furuset Forum i Oslo.

GJEV IKKJE OPP: Onsdag førre veke fekk Arctic Eagles frå Narvik beskjeden om at dei rykkjer ned i Fjordkraft-ligaen. No ankar dei avgjerdet.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Noregs nordlegaste eliteserielag var sikker på at di skulle få ein ny sesong på øvste nivå.

Men førre veke fekk dei sjokkbeskjeden.

Laget rykkjer ned, trass i at Narvik ikkje ligg sist i den korona-avbrutte sesongen.

– Det heng rett og slett ikkje på greip. Det heile blir nesten parodisk, sa styreleiar Terje Feragen då.

Ikkje nok til dobbel serie

Forbundsstyret har bestemt at det ikkje er talet på poeng klubbene har tatt som skal tele, men poeng per kamp som er spelt.

Så sjølv om Narvik har eitt poeng meir enn Grüner på tabellen, rykkjer Narvik ned fordi dei har spelt fleire kampar og har lågare prosentscore enn Oslo-klubben.

Arctic Eagles har varsla at dei kjem til å anke avgjerdet og no har dei sett advokat Per A. Flod på saka.

Han tek sikte på å få inn ein anke før påskeferie.

– Det er mange ting eg reagerer på. Både det rent juridiske og vedtakande forbundsstyret har treft. Både det i år og det i september, seier Flod, som også har fortid som president i Noregs Ishockeyforbund.

Han trekk fram to hovudpunkt han og klubben reagerer på:

  • Alle lag må ha møtt kvarandre heime og borte for at det skal verte kalla dobbel serie. Narvik har mellom anna ikkje møtt Grüner heime.
  • Det er ikkje heimel for prosentvis poengberekning i kampreglementet

I eit normalår speler dei to nedste laga i eliteserien og de to øvste laga i første divisjon kvalifisering om opprykk og nedrykk.

Sidan årets sesong vart avbroten er ikkje det mogleg. Då seier reglementet at:

Lag ranket nummer 10 fra ESM [vil] rykke direkte ned, mens lag ranket nummer 1 fra 1. divisjon vil rykke direkte opp. Dette forutsetter at både ESM og 1. div blir spilt med minimum dobbel serie.

Ishockeyforbundet / Ishockeyforbundet

I seriespillet skal alle laga møte kvarandre fire gonger, og til saman spele 36 kampar. Flod er ueinig i at det held at alle laga har spelt 18 kampar for å kalle det dobbel serie.

– Det er eit generelt prinsipp i all idrett at resultata skal finne stad på banen og ikkje på skrivebordet så sant det er mogleg.

– I dette tilfellet har resultata kome på banen, men kvem som skal rykkje opp og ned er bestemt av forbundsstyret på tvers av det vedtatte kampreglementet.

Tunga rett i munnen

Tage Pettersen, president i ischokeyforbundet, vil ikkje kommentere ankesaka.

– No er vi inne i anken, og den skal ankeutvalet avgjere. Fram til prosessen er ferdig har vi ikkje behov for å kommentere saka yterligere, seier han.

Om Zuccarellos ytring seier han at det er fleire norske ishockeyprofilar som har ulike meiningar om kor mange lag som bør vere på det øvste nivået i norsk ishockey.

Tage Pettersen

Tage Pettersen.

Foto: Ole Berg-Rusten

– Det er ein spennande og relevant diskusjon å ta, men det har lite å gjere med prosessen vi står i no om korleis vi avsluttar ein serie knytta til pandemien som vi står i, seier ishockeypresidenten.

Han utdjupar at det er ein breiare diskusjon som handlar om kor mange gode spelere dei har og korleis dei skal byggje opp divisjonane under det øvste nivået.

– Den diskusjonen får kome når den kjem, men den handlar ikkje om ankesaka som vi står i no.

– Det er mange som meiner at Arctic Eagles har vore viktig for å spreie ishockey ut i landet, kva tenkjer du om det?

– Dei har vore eit stort bidrag inn i norsk ishockey, men det er ikkje tema. Ankesaka handlar om eit vedtak fatta i september i fjor som vi står på, og ikkje kor vidt norsk hockey er berika av å ha med Narvik eller ikkje. Det er viktig å ha tunge rett i munnen her.