Hopp til innhold

Hevdar ho fekk paracet i staden for legehjelp: – Eg er frykteleg sint

Grethe føler seg svikta etter at ho ikkje blei frakta til lege. Då ho til slutt kom seg dit hadde ho organsvikt, blodforgifting og svært høg infeksjon i kroppen.

Grethe Graadahl Johansen

Grethe Graadahl Johansen er ikkje nøgd med Oslo universitetssjukehus (OUS) si handtering av situasjonen. Statsforvaltaren meiner at det har vore ei sannsynleg misforståing mellom pasient og ambulansepersonell.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Eg er frykteleg sint. Eg stolar ikkje på at eg får hjelp, seier Grethe Graadahl Johansen frå Svolvær.

For eit år sidan var ho koronasmitta og åleine på eit karantenehotell i Oslo, og blei alvorleg sjuk.

No tar ho eit oppgjer med Oslo universitetssjukehus (OUS) si handtering av situasjonen.

Venninne ringde ambulansen

I det koronaen begynte å gi seg, blei Johansen likevel merkbart sjukare.

På telefon snakka ho med ei venninne som er utdanna sjukepleiar, slik som Johansen sjølv. Venninna synest Johansen verka så dårleg og uforståeleg at ho ringde ambulansen.

Johansen hadde tatt sine siste tablettar med Paracetamol, som verkar febernedsettande, då ambulansepersonellet kom til ho.

Johansen fortel at i tidsrommet før ambulansepersonellet kom fram, hadde ho hatt høg feber, kvalme, mørk urin og trøbbel med å tisse. Tærne og fingrane var nomne og ho hadde smerter i bekkenet.

Frå før har Johansen underliggande sjukdomar som diabetes og alvorleg psoriasis. Difor gjekk ho også på immundempande medisin.

Ambulanseavdelinga er tilknytt OUS som har fått førespegla kritikken. Sjå svaret lengre ned i saka.

Fekk Paracet

Under ambulansebesøket låg Johansen under pleddet i sofaen og fraus. Ho hadde ukontrollerte skjelvingar, som kan indikere stigande feber.

Ambulansepersonellet undersøkte Johansen. Dei målte blant anna blodtrykk, puls og temperatur i øyret. Temperaturen viste 38,3.

Johansen bad om at dei tok andre prøver, som CRP og urinprøve. Som utdanna sjukepleiar har ho kontroll på faglege omgrep.

Slike prøver er det ikkje ambulansepersonellet som utfører. Det skjer hos lege, og ambulansepersonellet meinte at det ikkje var nødvendig å frakte ho dit.

Les også Sølvi (44) fikk hjerneslag etter intens hodepine – lå i koma i fire uker

Sølvi Monsen Bagge med hunden

Men Johansen var tom for Paracet, så ambulansepersonellet tilbydde seg å gå ut for å kjøpe tablettar til ho. Då Johansen hadde fått tablettane avslutta dei oppdraget og drog.

I utgreiinga frå ambulansetenesta og OUS, sendt til Statsforvalteren, motseier dei at ho blei forlaten mot hennar vilje:

«Ambulansepersonellet har fortalt i etterkant at de forespurte pasienten om hun var komfortabel med å bli igjen på rommet på karantenehotellet. Dette bekreftet hun at hun var».

Til sjukehus på eiga hand

Grethe Graadahl Johansen fortel at ho åt lite resten av kvelden. Ho hadde plagar frå mage og tarm, ukontrollert avføring, klarte berre å få i seg litt og litt vatn, og fekk nesten ikkje tissa.

Dagen etter ringde ho 113. Det har Johansen aldri gjort før, fortel ho, men denne dagen frykta ho for sitt eige liv ettersom ho hadde blitt endå dårlegare.

Etter at ho ringde 113, blei ho sett over til legevakta og skal ha fått spørsmål om typiske koronasymptom, slik som pusteproblem og ansiktsfarge.

Vurderinga derfrå var at Johansen heller ikkje denne gongen hadde behov for meir hjelp.

Det blei ikkje sendt ut ny ambulanse til Johansen. Ho fekk beskjed om å bestille seg ein time hos feberpoliklinikken neste dag, og skaffe seg ein smittetransport dit.

Johansen bestilte time. Ho blei dårlegare.

OUS skriv i si utgreiing til Statsforvalteren at dei «vurderer at operatørene på AMK har gjort gode vurderinger og fulgt intern prosedyre i henhold til mottak av nødmelding».

Hadde organsvikt og blodforgifting

Ein såkalla CRP måler om det er betennelse i kroppen. Prøven i seg sjølv treng ikkje å seie noko om alvoret til tilstanden, anna enn at den indikerer infeksjon av ulik grad.

Normalt sett skal ein CRP vere under 5.

Ein CRP på 50 tilseier at du er sjuk.

Grethe Graadahl Johansen hadde ein CRP på 610 og organsvikt, då ho kom fram til feberpoliklinikken.

Ho blei straks lagt inn på Lovisenberg Diakonale sjukehus og fekk behandling i fire-fem dagar for blodforgifting.

Meiner ho ikkje fekk hjelp

Johansen rettar sterk kritikk mot OUS for handteringa av situasjonen.

Ho reagerer, blant anna, på at ho hadde sepsis og ikkje fekk hjelp trass desperate forsøk.

Journalen som ambulansetenesta noterte er heller ikkje i tråd med korleis Johansen opplevde situasjonen.

Dette er hovudpunkta som Johansen klagar på i sitt brev til Helsetilsynet:

  • Uforstand i teneste, altså mangel på kunnskap eller skjønn, eventuelt tankeløyse.
  • Tenesteforsøming og uforsvarleg medisinsk behandling, altså at personellet ikkje har gjort det dei pliktar.
  • Brot på forskrift om pasientjournal jf. pasientjournalforskrifta § 6, punkt a og b. Desse omhandlar pasienten si skildring av situasjonen og ønsker for helsehjelpa, og opplysingar om pasienten si sjukdomshistorie og pågåande behandling.

Johansen meiner at spesielt éi sentral opplysing var utelaten frå journalen for hendinga:

  • I ettertid har ambulansepersonellet forklart at dei skal ha gitt Johansen tilbod om å bli køyrt til legevakt, men at Johansen takka nei.
  • Ifølge Johansen skal dette aldri ha skjedd. For ho er det heilt openbert at ho ville ha takka ja dersom ho fekk dette tilbodet.

Denne opplysinga er lagt til som kommentar i utgreiinga fleire månader etter hendinga, og er ikkje skrive ned i den opphavlege journalen. NRK har sett dokumentasjon som stadfestar dette.

Johansen får støtte frå Olav Røise.

I dag er han styreleiar i norsk pasientforeining og professor emeritus ved Universitetet i Oslo, tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger og har undervist mange år i pasientsikkerheit.

Får støtte: – Skulle blitt frakta til lege

Røise meiner at det blei det gjort ein dårleg fagleg jobb, gitt forholda om at Johansen var på karantenehotell, åleine der, stod på immunmodulerande medisinar og at ho er utdanna sjukepleiar.

Olav Røise

Olav Røise har drive med klinisk akuttverksemd i heile si kliniske karriere. Han har også tidlegare hatt overordna ansvar for ambulansetenesta for OUS.

Foto: Universitetet i Oslo

– Dette skulle allereie på dag éin ha medført at ambulansen tok pasienten med seg til lege, slik at det kunne bli utført det pasienten sjølv ønska. Nemleg urinprøve og få bekrefta eller avkrefta bakteriell infeksjon i tillegg til virusinfeksjonen ho hadde, som ein kan sjå ved CRP.

Røise har også forståing for kvifor ambulansetenesta handterte situasjonen slik dei gjorde.

Ja, dessverre. I den situasjonen der vi hadde covid er det lagt eit press på ambulansetenesta i form av at du ikkje bør ta med deg pasientar som definitivt ikkje treng behandling.

Røise meiner at pasienten i dette tilfellet ikkje kunne gjort noko annleis. Etter at ein pasient har meldt om bekymring, er ansvaret hos helsepersonell.

Han meiner at ei skjønnsvurdering i dette tilfellet ikkje blei gjort.

– Og heile situasjonen tilseier heilt klart at denne pasienten burde blitt frakta til legevakt.

Viser til misforståing

NRK har førespegla kritikken til OUS og stilt dei fleire spørsmål. OUS ønsker ikkje å kommentere saka og viser til den endelege vurderinga frå Statsforvaltaren Oslo og Viken.

Statsforvaltaren har avslutta saka.

I brevet erkjenner Statsforvaltaren at saka ikkje har vore handtert på ein optimal måte, men skriv at det har vore ei sannsynleg misforståing mellom pasient og ambulansepersonell.

Denne misforståinga viser til at ambulansepersonellet meiner dei tilbydde pasienten å bli køyrt til legevakta, men at pasienten takka nei, noko Johansen meiner ikkje stemmer.

Vidare satsar dei på at sjukehuset følger opp saka sjølv.

Utgreiing til Statsforvaltaren

I utgreiinga frå OUS og ambulansepersonellet, til Statsforvaltaren, seier OUS at det «kan diskuteres» om sjukebesøkslege burde ha vore kontakta.

Dei legg til at dei har få innvendingar når det gjeld handteringa av ambulanseoppdraget.

Ambulansepersonellet bekreftar Johansen sin påstand om at ho bad om å få tatt visse prøver.

Ambulansepersonellet hevdar derimot, som tidlegare nemnt, at Johansen skal ha bekrefta at ho var komfortabel med å bli igjen på hotellrommet.

Les heile utgreiinga her:

Mista trua

I dag, eit år seinare, kjenner Johansen på at det har vore tøft å ikkje bli tatt på alvor. Ho finn ikkje roa.

– Eg har mista fullstendig trua. Eg har full forståing for at det kan bli gjort feil. Men stå for det og sei at: «Ja, her gjorde vi ein feil, beklagar».

No vil ho finne ut korleis ho kan finansiere å ta saka vidare for retten.

– Kor mange orkar ikkje gå vidare med slike saker? Denne kampen er eg villig til å ta, for å kanskje få fred med meg sjølv og kanskje også bidra til betre rutinar for andre.

– Det skal ikkje vere slik i Noreg at ein blir nekta hjelp utan at nokon tar eller blir stilt til ansvar, avsluttar Johansen.