Her er framtidas «minibankkort»

Kortselskapa utviklar stadig nye betalingsløysingar, og det er god butikk for selskapa om du vel deira løysing. Men er det trygt å betale med klokkereima?

Børre Midtgard betalar med eit armband

Mikrobankkort i armband er Rana-selskapet Evry si nye satsing. Dei vil konkurrere med teknologigigantar som Apple om å kontrollere korleis du betalar i butikken. Dei trur slik betaling vil bli eit godt alternativ til andre betalingsløysingar.

Foto: Frank Nygård / NRK

Stadig færre brukar kontantar. Åtte av ti brukar berre eller mest kort då dei skal betale. Men også plastkortet vert utfordra av ny teknologi. Er det naudsynt med desse nye løysingane og er dei like trygge som det kjende kortet frå banken din?

Marknadsdirektør i Evry Børre Midtgard.

Børre Midtgard trur at bankkortet vil leve i mange år til. Mikrobankkortet som dei no lanserer gjer betaling med kort enda enklare enn før. Selskapet håpar å lansere produkta til hausten.

Foto: Frank Nygård / NRK

Selskapet Evry i Mo i Rana har utvikla eit nytt mikrobankkort. Kortet er lite nok til å passe i ei klokkereim, eit armband eller ein nøkkelring.

– Alle desse nye løysingane byggjer på kontaktlaus teknologi. I dag er om lag 35 prosent av terminalane klare til å ta imot slike kort, men det talet veit vi kjem til å stige, seier marknadsdirektør i selskapet Børre Midtgard.

Utanfor ein sportsbutikk står Ruth Hessner. Ho går på krykker og har eit betalingsarmband om handleddet.

– Det funkar heilt perfekt. Det er veldig greitt sidan eg har krykker og allting. Då er det fantastisk smidig, seier Hessner.

Ruth Hessner

– Det hjelpte meg veldig mykje i dag, seier Ruth Hessner om betaling med armband.

Foto: Frank Nygård / NRK

Treng vi fleire dingsar?

Allereie i dag kan ein betale trådlaust med fleire kort. Apple forsøkjer å etablere betaling med mobilen på den norske marknaden, samstundes som det norske selskapet Vipps arbeider på eit liknande prosjekt. Treng vi då desse armbanda sidan alle har med seg mobiltelefonen uansett?

– Vi er forskjellige. Nokon vil betale med klokka, nokon vil betale med mobiltelefonen og nokon vil bruke tradisjonelle kort. Slik vil det vere, seier Midtgard.

Men også Midtgard ser at marknaden for betalingsløysingar er rimeleg metta.

– Men vi har stor tru på at betaling med mikrobankkort plassert i armband eller nøkkelhånker vil bli populært sidan det er ein rimeleg variant som er enkel å bruke.

Selskapet Evry i Mo i Rana har utvikla eit nytt mikrobankkort. Kortet er lite nok til å passe i ei k

Selskapet Evry i Mo i Rana har utvikla eit nytt mikrobankkort. Kortet er lite nok til å passe i ei klokkereim, eit armband eller ein nøkkelring.

Foto: Frank Nygård / NRK

Alle vil ha ein bit av kaka

No vert det satsa på mange ulike plattformer, frå vanlege bankkort til mobiltelefonar og mikrokort. Greier ikkje selskapa lande på kva som er best av alle dei ulike løysingane?

– Alle prøver å skape seg ein posisjon. Dette er det vi kallar plattformteori. Når nokon greier å etablere ei løysing som vert ein standard i marknaden, vert det veldig lønnsamt, seier dagleg leiar i teknologiselskapet Sannsyn, Morten Krogh-Moe.

Morten Krogh-Moe

Morten Krogh-Moe seier det ligg store pengar i betalingsløysingar, og tykkjer ikkje det er rart at mange konkurrerer om same marknaden.

Foto: Sannsyn

Han forklarar at dei som eig rettane til betalingsløysinga som vert norma, kan håve inn store pengesummar. Dei får veldig lite att for kvar gong nokon trekk kortet, skannar ein kode eller legg telefonen til terminalen, men at det skjer so utruleg mange transaksjonar på ein dag.

– Om ein klarar å få forbrukarane til å velje di løysing og butikkane til å gjere det same, er det stor verdi i det, seier Krogh-Moe.

– Veldig mange forsøkjer å få ein bit av kaka, men det er vanskeleg å sei kven som vil vinne. Både forbrukarane og butikkane må velje same løysinga, seier Krogh-Moe.

Personvernet vert viktig

Når ny teknologi vert introdusert er Forbrukarrådet tidleg frampå. Det fortel fagleg direktør for finans i rådet, Jorge Jensen. Han seier deira jobb vert endå viktigare då teknologiselskapa byrjar overta jobben som bankane hadde før: å sende pengar frå A til B.

– Det er i veldig liten grad innanfor bank og finans vi har sett brot på personvernet. Det er som regel teknologiselskapa som får ei eller anna form for personvernlekkasje.

Jorge Jensen

– Når desse store selskapa, som er vande til å bruke personvern på ein annan måte enn bankar, forsikrings- og finansselskap har gjort før, kjem til Noreg, er dei nøydd til å leggje om praksisen sin, seier Jorge Jensen og store teknologiselskap som vil utvide i Noreg.

Foto: Forbrukerrådet

Fleire hendingar dei siste åra har sett personvern i søkjelyset. I Cambridge Analytica-skandalen vart millionar av menneskje sine persondata delt utan samtykke. Høgre vert no granska for moglege brot på behandling av sensitive personopplysingar til Facebook då dei var i opposisjon.

– Om forbrukarane no er meir opptekne av personvern, korleis utviklast det parallelt med den teknologiske utviklinga?

– Reglane er på plass og vi har eit datatilsyn som vil få mykje fleire travle dagar framover. Dette er berebjelkane i personvernet; eit godt regelverk og eit tilsyn som føl opp aktørane som gjer bruk av persondata, seier Jensen.