Her er dei nye parkeringsreglane
Frå 1. januar neste år slepp du gebyret dersom du berre kjem nokre minutt etter at parkeringstida har gått ut. Med det nye regelverket blir det tre faste satsar for ikkje å overhalde parkeringsreglane; 300-, 600- og 900 kroner. Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2017.