Hopp til innhold

Ferjetrøbbel pregar kommunen pinsehelga – Linda tok ein 78 mil lang bomtur

Ferjetrøbbel i pinsehelga gjer både tilreisande til Træna og dei fastbuande fortvila. For Linda Mikalsen blei det ein bomtur på 78 mil tur/retur med bil og tog.

Linda Mikalsen er vêrfast

Dårleg vêr og innstilte avgangar gjorde at Linda Mikalsen reiste 39 mil frå Rørvik i Trøndelag til Mo i Rana, der ho skulle ta ferje til Træna. I staden for sit ho no på toget tilbake til Rørvik.

Foto: Privat

Sola skin i store delar av landet. Men i øykommunen Træna i Nordland, set dårleg vêr og ferjetrøbbel kjeppar i hjula for befolkinga denne pinsehelga.

Fleire er frustrerte på grunn av ferjetrøbbel:

Alle hurtigbåtane er innstilt på grunn av dårleg vêr.

Hovudferja går ikkje på grunn av teknisk feil.

Reserveferja går ikkje fordi det har havarert som følge av eit motorstopp.

– No sit teg på toget tilbake til Rørvik i Trøndelag. Trist og lei meg, med ein koffert full av babysaker, seier Linda Mikalsen, som også er fleire tusen kroner fattigare.

Træna har 453 innbyggarar. Her bur ca. 400 på Husøya og ca. 55 i Selvær. Resten fordeler seg på øyene Sanna, Sørsandøya.

42 mil lang bomtur

Per no går berre eitt av tre aktuelle ferjer med ankomst til Træna kl. 01. Det er ei alternativ rute som du kan kome deg med frå visse plassar i fylket.

Mikalsen, som bur i Trøndelag og skulle til Træna, er ikkje lei seg fordi ho måtte fylle 61 år åleine på eit hotellrom i Mo i Rana.

Denne helga var einaste moglegheita til å treffe si høggravide dotter med termin om fire veker.

For Linda Mikalsen blei det bomtur denne pinsehelga

Linda Mikalsen er på toget tilbake til Trøndelag.

Foto: Privat

Det var laurdag ho først blei stranda i Mo i Rana, men i dag fekk ho beskjed om at det skulle gå ei ferje. Tre timar seinare kom beskjeden om at heller ikkje den ferja går.

Dottera mi er kjempelei seg. Sambuaren hennar har vore vekke på jobb i fire veker og det er framleis mange dagar til han kjem heim.

Laurdag var Træna heilt isolert som følge av innstillingane. Ordførar Jan Helge Andersen (Ap) seier det ser ut til å vare ut måndagen også.

Fergeleiet i Træna kommune

I Træna kommune må innbyggarane vente på pinsegjestane. Både hurtigbåtar og ferjer er innstilt på grunn av dårleg vêr og tekniske feil.

Foto: Privat

456 personar isolert

– Fleire er jo på tur for å feire pinse og så vidare. Det ser ganske svart ut akkurat no, sa han på laurdag.

– Det har vore mykje armar og bein. Ferjer og hurtigbåtar er innstilt, så det er litt problematisk.

Innbyggarane i Træna kommune ventar på kjente og kjære som skal kome på besøk denne helga. Kommunen har om lag 456 innbyggarar.

Jan Helge Andersen, ordfører Træna (Ap)

Jan Helge Andersen, ordførar i Træna, har tilbragt det meste av pinsa i telefonsamtalar.

Foto: Frank Nygård / NRK

I tillegg har dei stor utbygging på gang i kommunen, med trailarar som kjem med utstyr og sement.

– Vi får beskjed om at fylket ikkje har meir materiale å sette inn. Det er nok ikkje avgjort i morgon, seier han søndag.

– Og det blir jo forseinkingar på det også. Så dette er veldig uheldig.

Træna på Helgeland

Det blir ei annleis pinsehelg for Træna sine fastbuande og tilreisande.

Foto: Billy Jacobsen

Trur det svekkar bulysta

– Det er ikkje noko bra for lysta til å bu og bli. Vi er jo ein liten kommune og har ein del folk som reiser frå oss, dessverre.

Slike hendingar kan føre til at fleire som sit på gjerd et og tenker på å flytte, tar steget heilt ut, trur ordføraren.

Han påpeiker at det er vanskeleg å forutsjå at fleire uheldige situasjonar skal skje samtidig.

Les også: Sophie gjør som SSB regner med – hun forlater Nord-Norge

Sophie Remman Karlsen fotografert ute i Narvik.
Sophie Remman Karlsen fotografert ute i Narvik.

Likevel meiner han at mangelen på hurtigbåtar i slike situasjonar gjer dei meir sårbare.

– Det vil hjelpe med betre ferjemateriell. Betre reservebåt for hurtigbåten.

Han forklarar at hurtigbåten dei har i dag er ein reservebåt som berre går i to meters bølgar. Fartøyet dei vanlegvis har tar fire meter.

– Hadde vi hatt hurtigbåten hadde vi vore hjelpt godt, meiner han.

– Det folk seier no er vel at nok er nok.

– Forstår frustrasjonen

Monika Sande i Senterpartiet, fylkesråd for transport og infrastruktur, seier ho har stor forståing for situasjonen.

– Eg forstår godt frustrasjonen som oppstår, spesielt no i pinsehelga når folk har moglegheit til å reise vekk og kome på besøk.

Monika Sande står i en park.

Monika Sande (Sp), fylkesråd for transport og infrastruktur.

Foto: Nordland fylkeskommune

– Når det då blir stans, forstår eg godt at det blir veldig frustrerande. Så veit eg også at det skjer mykje på Træna akkurat no, så då burde dei også ha vore sikre på at båtane gjekk.

Likevel er det lite fylkesrådet kan gjere med situasjonen, ifølge Sande.

– Vi gjer det vi kan for å løyse opp i det. Men når det gjeld å ha på plass ferjer og båtar, så er det Boreal sitt ansvar.

NRK har forsøkt å få kontakt med Boreal utan hell.

Les også: Flytter til øy langt ute i havgapet; får billig hus og fadder

Iris Gusfre, Stian Balducci og Aksel på vei til sitt nye hjem.
Iris Gusfre, Stian Balducci og Aksel på vei til sitt nye hjem.