Hopp til innhold

Her er arbeidsløysa så låg at Nav ikkje vil seie kor mange dei er

Nordland har historisk låg arbeidsløyse i januar. Men det er ikkje berre positivt, ifølge Nav og NHO.

Røst i Lofoten

Røst er ein av to kommunar i Nordland med så låg arbeidsløyse at Nav ikkje kan gå ut med tal på kor mange dei er.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Det er jo eit bilete på situasjonen, at det rett og slett er ekstrem låg arbeidsløyse.

Det seier direktør ved Nav Nordland Cathrine Stavnes.

Arbeidsløysa i nord er så låg at Stavenes ikkje kan seie kor mange som er arbeidsledige i kommunane Vevelstad og Røst.

– Det er veldig små kommunar, og når det er under fem så går vi ikkje ut med det nøyaktige talet, seier Stavnes.

Det er fordi det er lett å identifisere dei, utdjupar ho.

Ved utgangen av januar var det 1.782 heilt ledige arbeidssøkjarar i Nordland. Dette utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken og er den lågaste januararbeidsløysa nokosinne.

Landet samla sett har ei arbeidsløyse på 1,9 prosent heilt ledige. Nordland har saman med Trøndelag, Troms og Finnmark lågast arbeidsløyse av fylka med 1,5 prosent heilt ledige.

– Kan også vere krevjande

I tillegg til dei heilt ledige er det 798 delvis ledige og 319 arbeidssøkjarar på tiltak. Dermed er det totalt 2899 arbeidssøkjarar i Nordland, som utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken.

Det er 1546 færre arbeidssøkjarar enn same månad i fjor, og gir ein nedgang på 35 prosent.

– Vanlegvis er det fleire som melder seg på arbeidsmarknaden i januar kvart år, fordi at det er nokon som kanskje er ferdig med arbeidskontrakten si frå året før, forklarar Stavnes.

Men det er ikkje berre positivt med så mykje arbeidsløyse.

– Det er jo sjølvsagt veldig positivt om du er jobbsøkjar eller vil byte jobb, men det kan også vere krevjande for verksemdene. I mange bransjar er det mangel på arbeidskraft.

Cathrine Stavnes, direktør i Nav Nordland

Cathrine Stavnes, direktør i Nav Nordland seier det ikkje berre er positivt med høg arbeidsløyse.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

– Må sjå nordover

Det er også inntrykket til regionsdirektør i NHO Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen.

– Det er ei utfordring, og det er at vi har eit behov for fleire folk.

I utgangspunktet er låg arbeidsløyse eit teikn på at det framleis er høg aktivitet i Nordland med eit yrande arbeidsliv. Men det heng også saman med at vi har den høgaste etterspurnaden i historia etter fleire folk i bedriftene, men også offentleg sektor.

Dette meiner han kan vendast om til noko positivt og bli brukt til å få folk til å flytte nordover.

– Så det at vi har arbeidsplassar er eit veldig godt utgangspunkt for å snu den trenden vi har hatt dei siste åra med fråflytting frå store delar av Nordland, seier Bjarmann-Simonsen.

Daniel Bjarmann-Simonsen

Regionsdirektør i NHO Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen seier det er eit stort behov for fleire folk.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Høg arbeidsløyse under dei siste krisene har blitt til historia om Nordland, ifølge han.

– Både finanskrisa, oljeprisfallet og under koronaen, så hadde Nordland den lågaste arbeidsløysa samanlikna med resten av landet.

Han meiner det er fordi at det skjer mykje i fylket, og her trekker han fram blant nye investeringar i Narvik og Mo i Rana.

– Det er arbeidstakaren sitt marknad utan tvil, slik at det er ingen grunn til å ikkje gjere noko anna enn å sjå nordover.