Hopp til innhold

Helse Nord: – Vi er nøydde til å prioritere

– Skal vi styrke nokre delar av helsetilbodet, må vi redusere i andre. Det er vanskeleg, alltid dilemmafylt og sjeldan populært. Nokon må likevel gjere det.

Det skriv administrerande direktør i Helse Nord, Marit Lind, i ein kronikk som ho deler med media onsdag ettermiddag.

Lind oppmodar om å vise større forståing for at Helse Nord er nøydde til å gjere harde prioriteringar.

– Eit ønske frå mi side er at alle med medeigarskap i vår felles helseteneste, framover viser større forståing for at vi må prioritere. Helse Nord er sjølvsagt opne for at det kan gjerast på ulike måtar, skriv Lind.

Styret i Helse Nord skal 19. juni ta stilling om spørsmål som:

• Korleis skal vi innrette helsetenestene for å gjere dei berekraftige?

• Korleis bør sjukehusstrukturen på Helgeland bli?

• Korleis skal PCI-tilbodet organiserast?

– Dei tre store sakene som styret skal behandle 19. juni handlar alle om korleis vår felles helseteneste i nord skal bruke tilgjengelege ressursar slik at vi framover maktar å oppfylle vårt oppdrag overfor pasientane og landsdelen, skriv Lind.

I kronikken viser Lind til ein uttale frå retorikkekspert og professor Jens Elmelund Kjeldsen kor han seier at alle avgjersler til sjuande og sist er politikk.

Lind er ikkje einig i det.

– Eg vil halde fast på at alt ikkje er politikk. Det skal vi som brukarar og medeigarar av helsetenesta vere glade for.

– Mi oppfordring til alle medeigarar i vår felles helseteneste er å respektere at fag og politikk må finnast side om side, og ikkje bli sausa saman i omstilling og utvikling av tenestene.

Marit Lind Helse Nord
Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK