Hopp til innhold

Hektisk natt for politiet i Nordland

Godvêret natt til søndag freista mange til ei utepils og to. Det vart ei hektisk natt for politiet i fylket.

Salten politi

Patruljebilane har neppe stått mykje i ro natt til søndag.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Det har vore ei typisk godvêrsnatt med mange festar på verandaer i dei tusen heimar, seier Ivar Bo Nilsson hjå Politiets operasjonssentral.

Og lista med hendingar i natt er lang. Men ein region har greidd å halde seg unna bråk.

– Eg vart fortald då eg skulle gå gjennom hendingane i natt at eg skulle merke meg at ingenting har skjedd i Ofoten, seier Nilsson.

Laster Twitter-innhold

Fleire valdshendingar – og ein stygg finger

I Bodø fekk ein mann ei tann slegen ut under eit slagsmål. Mannen kom seg sjølv til legevakta, og to andre involverte vart vist bort frå staden.

I Sandnessjøen hamna ein overstadig rusa person i klammeri med ei vakt. Personen vart vist vekk frå sentrum av politiet, og vart meld for forstyrre ro og orden.

På Sortland nekta ein gjest å forlate ein utestad. Politiet kom til staden for å syne hen vekk. Personen vart meld for å ha forulempa ein tenestemann ved å vise fingeren.

I Svolvær kom politiet over ein person som låg på bakken og blødde frå bakhovudet. Personen hadde blitt slått ned, og politiet har oppretta sak.

I Mosjøen melde ein utestad om problem med ein overstadig rusa gjest. Politiet sette personen i arresten for natta.

I Svolvær igjen vart det meld om ein ung mann på 19 som kasta om seg med stolar. Dette skjedde visstnok då han skulle kastast ut for å ha brukt falsk legitimasjon. Mannen vart meld av politiet.

Fleire ungdommar skapte trøbbel på Sortland i natt:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Både i Bodø, Mosjøen og på Sortland vart sjåførar anten stoppa eller hamna i ulukker som følgje av ruspåverka køyring.

– Det har vore stor pågang med meldingar til Politiet i natt. Mange støymeldingar og slikt, seier Nilsson.