Hopp til innhold

Fann store mengder trålspor i «urørt» natur: – Artar får ikkje god sjanse til å overleve

Forskarane trudde dei skulle finne store område med urørt havbotn nord for Svalbard. Resultatet forbløffa havforskarane.

CO₂ i atmosfæren
415.8 ppm
1,5-gradersmålet
+1.02 °C
Les mer  om klima

Då forskarane frå havforskingsinstituttet såg video frå det arktiske havområdet utanfor Svalbard blei dei overraska.

Dei hadde venta å finne store område med urørt havbotn.

I staden fann dei hundrevis av meter med trålspor.

Naturforskarar er betenkte over funna og meiner det er gale å øydelegge matfatet til fisken vi et.

Fiskeridirektoratet er ikkje overraska, men lover bot og betring.

Les også: Russiske trålere krysset begge kablene før forbindelsen forsvant

AIS-sporing av russiske fiskefartøy
AIS-sporing av russiske fiskefartøy

– Ikkje god sjanse til å overleve

I sommar var fleire forskarar frå Havforskingsinstituttet på tokt.

Dei lette etter sjeldne artar. Og dei fann det dei lette etter.

– Eg hadde slett ikkje rekna med å finne bambuskorallen, som ein elles finn utanfor Egersund.

Det seier toktleiar og forskar Pål Buhl-Mortensen.

Pål Buhl-Mortensen på tokt utenfor Svalbrad med Mareano

Toktleiar og forskar Pål Buhl-Mortensen seier at artane på havbotnen ikkje får ein god sjanse til å overleve når havbotnen blir tråla så tett.

Foto: Christine Fagerbakke / HI

Men dei fann også noko dei ikkje hadde rekna med: hundrevis av meter med trålspor.

Havforskarane undersøkte 122 lokalitetar. Innanfor området det er lov å fiske med botntrål i dag tok forskarane mange stikkprøver.

Der var 52 prosent av havbotn prega av tråling.

Havforskere frå havforskningsinstituttet følger med på korleis trålespora på havbotnen utanfor Svalbard ser ut.

Havforskarar frå Havforskingsinstituttet følgde med på korleis trålspora på havbotnen utanfor Svalbard såg ut med fleire skjermar i forskingsskipet Mareano.

Foto: Havforskningsinstituttet

– På dei mest tråla lokaliteten var spora veldig tett. Så tett som berre tre meter mellom kvart spor, seier Buhl-Mortensen og legg til:

– Då indikerer det at botnen er veldig påverka. Artane får ikkje så god sjanse til å overleve.

Umbellula-sjøfjær

På havbotnen er det mange sårbare artar som til dømes Umbellula-sjøfjær. Mange av dei toler dårleg å bli tråla.

Foto: Pål Buhl-Mortensen / HI

På toktet fann forskarane artar som umbellula-sjøfjær, grisehalekorall og bambuskorall. Dei er alle rekna som svært sårbare.

– Det er ein trussel for overleving for desse artane, seier toktleiaren.

Les også: – Sårbar havbunn ødelegges av trålfiske ved Svalbard

Is på en av fjordene på Svalbard
Is på en av fjordene på Svalbard

Flest russiske trålarar

Nord for Svalbard har fiskarane fått nye område å fiske i fordi isen har trekt seg tilbake.

Berre dei siste ti åra har det vore tilgjengeleg for trålfiske.

NRK har fått oversikt over kven som har fiska med trål i området.

Med denne roboten såg Havforskningsinstituttet korleis havbotnen utanfor Svalbard no ser ut.

Med denne roboten såg Havforskningsinstituttet korleis havbotnen utanfor Svalbard no ser ut.

Foto: Havforskningsinstituttet

Nesten 60 prosent av trålaktiviteten etter reker og torsk i dette området er det Russland som står for.

Resten står Noreg og ni andre nasjonar for ifølgje tal frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).

– Dei brukar store botntrålarar med tunge dører som spenner ut trålposen. Dei set spor som er ganske djupe. Det er som plogar som går igjennom landskapet, seier Buhl-Mortensen.

Havbotn utanfor Svalbard kan sjå øde ut, men her finn forskarane mykje liv i det som inntil nyleg var urørt natur.

Havbotn utanfor Svalbard kan sjå aude ut, men her finn forskarane mykje liv i det som inntil nyleg var urørt natur.

Foto: Havforskningsinstituttet

Seniorforskar Per Fauchald i Norsk institutt for naturforsking (NINA), er svært betenkt over funna.

– Dette området nord for Svalbard er høgarktisk. I store deler av året vert det dekt av sjøis. Inntil nyleg har det vore utilgjengeleg for menneske, seier han.

– Det viser seg at desse områda er ganske sårbare. Masse dyr som lever der som har vore urørt i tusenvis av år.

Bambuskorallen Isidella lofotensis

Fauchald seier at konsekvensen av trålinga er at korallane, som denne bambuskorallen, blir øydelagt og sedimentær blir kvervla opp. Det endrar samfunnet på havbotnen.

Foto: PÅL BUHL-MORTENSEN / HI

– Det er store verdiar som blir tatt opp her, og det er mat til folk. Er ikkje det bra?

–Det er bra, men vi kan ikkje produsere mat som går ut over naturgrunnlaget som lager den maten vi skal hauste.

Det er store endringar i Arktis no, og forskaren seier at dei ikkje veit korleis det kjem til å bli på sikt.

– Men ein ting som er sikkert er at denne typen forstyrringar ikkje er heldige.

Les også: Én russisk fisketråler har krysset Svalbardfiberen mer enn 140 ganger

De røde AIS-sporene viser hvor mange ganger den russiske fisketråleren skal ha krysset Svalbardfiberen, som ligger vest for Svalbard.
De røde AIS-sporene viser hvor mange ganger den russiske fisketråleren skal ha krysset Svalbardfiberen, som ligger vest for Svalbard.

Fiskeridirektoratet er ikkje overraska

Fiskeridirektoratet er ikkje overraska over at det er trålspor i dette området sidan det er lov å fiske der.

Trål

Over halvparten av lokalitetane som havforskarane såg på frå 200 til 400 meters djup var tråla av fiskefartøy. Nokre stader var det berre tre meter mellom spora.

Foto: Havforskningsinstituttet

Fiskerifagleg sett er det viktig at reke-ressursen blir nytta godt. Utfordringa er at trålen er eit reiskap som kan sette spor i blaut havbotn og påverke botnsubstratet, seier Dagfinn Lilleng, seniorrådgivar miljøseksjonen i Fiskeridirektoratet.

I ein e-post til NRK skriv han at dei skal jobbe saman med forskarar og næringa med å finne løysingar som kan gjere trålen meir skånsam mot havbotnen.

– For å kunne nytte reiskapen er det sett minste tillate maskevidd på 35 mm, og det er påbode å bruke sorteringsrist som skil fisk frå rekefangstane på havbotnen, seier Lilleng.

Fisk på havbotn nord for Svalbard

Fartøy som fiskar i området skal for kvar fangst berekne kvantum indikatorar på sårbare marine økosystem, som levande korallar og levande svamp. Om det er eit samanstøyt skal hendinga bli rapportert til Fiskeridirektoratet og fisket må bli flytta to nautiske mil frå det sårbare marine økosystemet, ifølge regelverket.

Foto: Havforskningsinstituttet

Seniorrådgivaren legg til at dagens fartøy som blir nytta i desse områda er konstruert for å fiske i område med periodevis mykje drivis.

I tillegg er det strenge regelverk for fiske i området med fleire krav som må bli oppfylt for å få løyve.

Treng meir kartlegging

Buhl-Mortensen frå Havforskingsinstituttet seier han sjølv er glad i å ete fisk og reker, og er klar over at noko av det berre kan bli fiska med botntråling.

Då meiner eg det er veldig viktig å kartlegge havbotnen så ein kan unngå stadane der det utgjer mest skade for arter og miljø.

Fauchald i NINA meiner norske myndigheiter må intensivere arbeidet med verning.

– Eg håper verkeleg ein fortset arbeidet med å verne desse områda og legge press på å få til ein berekraftig forvaltning, seier han.

Les også: Stadig større deler av bunnen i Arktis tråles etter fisk. Det kan skade sårbar natur

Fiskefartøy med trål
Fiskefartøy med trål