Hopp til innhold

Hard kritikk av Fygle

- Det er ille at ordførar Odd-Tore Fygle i Bodø prioriterer å kjempe mot at jagarflybasen til forsvaret havnar der det er best, nemleg på Evenes, seier ordførar Jardar Jensen i Evenes.

 

F-16
Foto: Per Arne Juvang

Jensen meinar at Bodø-ordføraren dimed gløymer å kjempe for at  hovudkvarteret til forsvaret hamnar i Bodø, i stadan for i Stavanger.

- Det verkar slik på meg, seier han.

Ordførar Odd Tore Fygle i Bodø er heilt ueinig.

- Dette er å snu situasjonen på hovudet, seier Fygle.

Hard kritikk

Debatten om kvar Forsvaret bør leggje sin framtidige hovudbase for kampfly held fram mellom Evenes og Bodø.

I går presenterte Bodø og ordførar Odd-Tore Fygle si løysing på støy-problemet dei nye jagarflya vil skape i tett-bygde strøk. Han vil flytte rullebana to kilometer lengre vekk frå flyplassen.

Men Påstanden om at ordførar Odd-Tore Fygle samstundes ikkje kjempar for at hovudkvarteret til forsvaret skal hamne i Bodø, og kjempar mot Evenes som hovudflybase, meinar Fygle er skivebom.

- Evenes er ingen hovudflystasjon i forsvaret. Det er det Bodø som er, og då skulle det berre mangle at ikkje Bodø forsvarar sin posisjon. Det betyr ikkje at me går til åtak på nokon, seier Fygle.

Bortkasta

Men Jensen meinar forslaget om å flytte flystripa er borkasta tid og krefter.

- Eg tykkjer han skal setje seg ned og vurdere strategien sin, fordi eg ikkje kan sjå at dette er ei god løysing. Det vil få store miljømessige konsekvensar med dei nye flya i Bodø, seier han.

Felles kamp

Han meinar det no er på tide at dei to kommunane går samen om ein felles kamp for fylket.

- Eg tykkjer me må kjempe for å få hovudflybasen til Nord-Noreg og hovudkvarteret til Bodø, seier Jensen.