Hopp til innhold

Hamsunsenteret må redusere

Hamsunsenteret på Hamarøy må redusere i tilbodet, allereie før senteret har kome skikkeleg i gang. Statsbudsjettet for 2010 inneholdt for lite pengar til drifta ved senteret.

Hamsunsenteret

MANGLER PENGER: Tilbodet ved Hamsunsenteret kan bli mindre omfattande enn planlagt, fordi senteret ikkje får nok pengar til drifta.

Foto: Lunde, Bjørn Erik Rygg / SCANPIX

Hamsunsenteret blei opna 4. august i år, i samband med at det var 150 år sidan Knut Hamsun vart fødd. Senteret har kosta heile 142 millionar kroner, men i statsbudsjettet for 2010 kom ikkje dei to millionane senteret treng for å tilsetje folk.

- Vi er skuffa. Ja, ikkje berre skuffa, men direkte sjokkerte, seier dei to direktørane Kojan Bøe og Bodil Børset, til Avisa Nordland.

Det betyr at senteret berre får fire tilsette, i staden for åtte som var planlagt. Det får konsekvensar for tilbodet til publikum.

- Det får ganske dramatiske følgjer. Dei fire må jobbe i full stilling og vel så det. Det er umogleg å klare å halde det ambisjonsnivået vi har lagt oss på. Vi kan rett og slett ikkje drive som planlagt, seier Kojan Bøe.

Kuttar ut omvisning

Det er Salten museum som står for drifta av Hamsunsenteret. Regjeringa har løyva 15 millionar kroner til senteret, men pengane skal ikkje gå til drift, men er ein del av den andelen Staten betaler i spleiselaget for å få senteret bygd.

- Vi treng å få tilsett folk veldig raskt. Kultursalen er allereie i drift. Til våren opnar utstillingane inne i senteret, seier Kojan Bøe til Avisa Nordland.

Hamsunsenterets direktør Bodil Børset

TRENGER MER FOLK: - Vi trenger mer folk, sier direktør ved Hamsunsenteret Bodil Børset.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Pågangen frå publikum som ynskjer omvisning ved Hamsunsenteret er stor, og Bodil Børset seier til avisa at dei allereie har vore nødt til å avvise fleire.

- Vi har stor pågang, ikkje minst frå utanlandsk presse som vil hit og få omvisning. Vi har faktisk vore nøydde til å seie nei til enkelte førespurnader fordi vi ikkje har kapasitet, seier Børset.

Ho påpeikar at det er spesielt viktig å få på plass ein kommunkasjons- og informasjonsstilling.

Vi treng faktisk meir folk frå nyttår, for å få ta unna dei mange arbeidsoppgåvene, seier Kojan Bøe.

Har tro på en løsning

Direktør ved Salten museum, Kojan Bøe og stortingsrepresentant Geir Ketil Hansen møtte hverandre til debatt i NRK Nordaførr:

Debatt om Hamsunsenteret

HØR: Debatt om penger til drift for Hamsunsenteret
Programleder: Martin Steinholt 

 

SE VIDEO:

Video nsps_upload_2009_10_15_8_45_59_3967.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.