Hopp til innhold

Håkjerring utset å ha sex til ho er over 100 år

Ifølgje forskarane kan haien bli veldig gammal, sym seint og får ungar når ho er over 100 år. Dei siste femti åra har det vorte fanga 2 millionar dyr. Kvifor er ikkje haien då nær utrydda?

Håkjerring slippes tilbake etter å ha blitt målt og merket av forskere på tokt.

HEIM: Forskar Kim Præbel fortel at håkjerringa er observert ved den meksikanske golfen.

Foto: Julius Nielsen / Universitet i Tromsø

Håkjerringa har frykteleg god tid.

Haiarten sym vanlegvis med ei hastigheit på litt over ein kilometer i timen. Det er ein tredjedel av gangfarten til eit menneske.

Likevel meiner forskarar at fisken i løpet av nokre månadar kan symje over fleire tusen kilometer.

– Det er observert håkjerring ved den meksikanske golfen. Det er veldig langt frå kor den eigentleg oppheld seg, som er i den nordlege delen av Atlanterhavet, seier Kim Præbel, professor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Han seier at om ein lever veldig lenge, så kjem ein jo langt sjølv om ein sym sakte.

– Det er litt filosofisk. Kva er havet for ein fisk som lev i 200–300 år? Den kan jo bruke alle verdas hav som heim.

Verdas eldste virveldyr

Slekta til håkjerringa heiter «Somniosus» som tydar den søvnige.

– Det er ei referanse på at ho er så treig, seier forskar ved Havforskningsinstituttet Claudia Junge.

Håkjerring har den lågaste svømmehastigheita og halefrekvens i forhold til størrelse på tvers av alle fiskeartar, ifølge ho. Forskarane tenkjer at det samsvarar med den veldig langsame metabolismen og den veldig lange levetida til haiarten.

I 2017 kunne forskarar slå fast at håkjerringa må vere verdas eldste virveldyr, skriv forskning.no.

Forskarar frå Universitetet i Tromsø, Grønlands Naturinstitut, Københavns Universitet, Aarhus Universitet, Indiana University South Bend og University of Oxford, samarbeida for å finne ut av dette.

Det gjorde dei ved hjelp av spor frå atomprøvesprengingar på 1950-talet, funne inne i auget på til saman 28 håkjerringar.

Då kunne forskarane slå fast at dei aller eldste av desse dyra måtte vere ein stad mellom 272 og 512 år gamle.

Håkjerring som svømmer i havet rundt Grønnland.

Forskarar slo i 2017 fast at Håkjerring må vere verdas eldste virveldyr.

Foto: Julius Nielsen / AP

Tidlegare har ein meint at skjelpadde og grønlandskvalar er verdas eldste virveldyr.

– Det er veldig interessant kvifor dei klarer å bli så gamle. Det er jo basert på DNA og arvemassen. Der ligg hemmelegheita, seier Præbel.

Les også Tror noen humlearter hyperventilerer når temperaturene stiger

Humle på blomst

Har sex etter 100 år

Forskarane har no funne ut av kor store haiane er når dei er kjønnsmodne. Hoene er rundt 2,8 meter og hannane er rundt 4,2 meter.

Fordi håkjerringa veks ekstremt sakte, rundt ein cm i året, meiner forskarane at dei ikkje kan ha sex før dei er mellom 100 og 150 år, skriv Aktuel Naturvidenskap.

– Om ein tenkjer seg at ho må overleve i rundt 130 år før ho reproduserer seg, så gjer det arten sårbar, seier Junge frå Havforskingsinstituttet.

Men korleis reproduksjonssyklusen til haien er og korleis den nyfødde haien overlev, veit forskarane lite om, fortel ho.

Ett tonn tung håkjerring

Håkjerringa er fleire meter lang når dei er kjønnsmoden, noko som betyr at det ikkje skjer før dei er over 100 år gamle.

Foto: Privat/Nordic Sea Angling

Les også Strømmangel i nord – Kristoffer må skrote millionsatsing

Kristoffer Høyning

Fanga meir enn 2 millionar dyr

Forskarar nærmar seg fleire svar om dette merkelege dyret.

Men det som framleis er eit mysterium for forskarane er kvifor det finst så mange av dei.

Dei siste femti åra har forskarane rekna ut at det har blitt fanga meir enn 2 millionar håkjerringar berre rundt Grønland, skriv forskning.no.

Mange har også blitt fanga som bifangst i samband med anna fiske. Junge frå Havforskingsinstituttet seier at det til tider har blitt fiska ein del håkjerring langs norskekysten. Hovudsakleg fordi den har ein svært stor lever som vart brukt til tranproduksjon og som lampeolje.

Håkjerring

Dei siste femti åra har det vorte fanga meir enn 2 millionar håkjerringar rundt Grønland.

Foto: Julius Nielsen / AP

Korleis kan eit dyr som ventar i over 100 år på å få ungar, stå i mot eit så stor fangsttrykk frå menneske?

– Viss du har høve til å formeire deg i 200 år, så får du kanskje relativt mange barn med tanke på kor lenge du lever, avsluttar Præbel.