Hopp til innhold

Gutt i tenåra sikta for køyring utan førarkort i rusa tilstand

I samanheng med ei trafikkulykke på FV7244 ved Nausthågjen i natt har politiet og ambulanse vore på Vega.

Det opplyser politiet i Nordland klokka 09:12 laurdag morgon.

Ein gut i tenåra er sikta for køyring utan førarkort og i rusa tilstand. Bilen som er totalskadd har kollidert med ein lyktestolpe og gått rundt fleire gongar.

Føraren av bilen framstår ikkje som alvorleg skadd, ifølge politiet.

Han er sett til av helsepersonell på Vega. Førar er framstilt for lege for å sikre bevist. Politiet har gjort nødvendige avhøyr og oppretta sak.