Hopp til innhold

Meteorologen før kongebesøket: – Kongen bør ha med stillongs

Meteorologen har ingen trøyst til vêrsjuke nordlendingar. Men ho har gode råd til kongeparet før dei kjem på offisielt besøk i Nordland.

E6 Kobbskarmoen (247 moh). Skjermdump frå Statens vegvesen.

DALAR I NORD: Slik ser det ut på E6 Kobbskarmoen, berre 247 meter over havet.

Foto: Statens vegvesen

Mens sola skin i store delar av landet, lengtar nordlendingane etter eit glimt av sola.

Tysdag sende Meteorologisk institutt ut gult farevarsel for snø. Det er venta at fleire centimeter snø vil legge seg i låglandet i Troms og lengst nord i Nordland.

Meteorologane ber bilistar om å køyre forsiktig.

Og kongen om å ta med stillongs nordover:

– Generelt stillongs og undertrøye så ein kan ha noko under, og vere fint kledd utanpå.

Det seier vakthavande meteorolog, Siri Wiberg.

Siri Wiberg

Vakthavande meteorolog, Siri Wiberg.

Foto: Christian Fougner / NRK

Kalde temperaturar

– Eg hatar å fryse sjølv, og legg aldri vekk ulltøyet sjølv om det er sommar. Ulltøy er lurt å ha på lur, seier ho.

Neste veke skal kongen besøke fleire kommunar på Helgeland i Nordland. Og folket i fylket kan ønske velkomen med vind og periodar med kuling.

– Det vil vere periodar med nedbør og det er ikkje spesielt varm vêrtype, ifølge Wiberg.

– Jamt over er det ikkje så bra vêr. Det ser ut som det blir periodar med nordvestleg vind og kanskje kuling på kysten.

Skjermdump frå Skarmoen Alpinpark si Facebookside.

Skarmoen Alpinpark i Sørfold spøkar på Facebook om at det var behov for påfyll i anlegget inn mot juni.

Foto: Skarmoen Alpinpark

Dobbelt så mykje nedbør i mai

I Bodø har vêrstasjonen målt 194 prosent av normalen for nedbør i mai månad.

Det er nesten dobbelt så mykje nedbør som normalt.

– Eg tenker når det er så mykje dritvêr så er jo nordlendingar meir sosiale enn andre. Hald saman og ta vare på kvarandre i kulda, seier Wiberg.

Er du vêrsjuk?

– Har lyst å gi dykk håp

I Oslo den komande veka er det meldt sol og på det meste 25 grader. Wiberg forklarar dei store forskjellane:

– Vi har så langt land. No er det vinter i nord og sommar og 24 grader i Oslo.

– Eg skulle så gjerne ha sendt betre vêr nordover. Eg har fortald om dette dritvêret til dykk i nord og har så lyst å gi dykk håp.

Men høgtrykket nordvest for Storbritannia har tenkt å ligge i nordlege delar av landet ei stund til.

Vêrbilde frå Borge i Lofoten

Jul eller juni? Slik ser det ut i Borge i Lofoten seint tysdag kveld.

Foto: Annie Monsen

Været generelt

– Det er kanskje noko kvitt i nedbøren. Det er litt usikkert, seier Wiberg før kongeparet kjem til Nordland.

– Viss det skulle kome noko kvitt på bakkenivå er det hagl eller kornsnø. Eg ser ikkje noko minusgrader på bakkenivå. Men ein kan kjenne at det er kald luft.

Wiberg forsikrar om at det vil vere nokre pausar frå det dårlege vêret. Ein kan med andre ord glede seg over at det ikkje blir konstant nedbør.

Snø- og haggelbyge i Borge i Lofoten, nede i to grader.

Snø- og haglbye i Borge i Lofoten, 31. mai 2023.

Foto: Annie Monsen

– Kvifor gløymer vi at det var akkurat det same i fjor?

– Ein hugsar nesten ikkje ei veke tilbake i tid. Viss du har ei veke med dritvêr så trur du kanskje det har vore det heile tida. Vi hugsar det vi vil hugse, seier ho og ler.

– Har vi selektiv minne?

– Ja, faktisk litt.