Hopp til innhold

Grasbrann er sløkt

Ein grasbrann herja i kveld i Sørfold, men er no sløkka.

Grasbrann i sørfold

– Mannskapet som er på staden gjer ein god innsats, seier Svein Arne Sørensen ved 110-sentralen i Bodø.

20:48 sundag kveld meldte Politiet i Nordland om ein grasbrann på Twitter. E6 nord for Kalviktunellen i Sørfold blei stengt begge vegar ein kort periode, men er no opna att.

22:18 melder Politiet i Nordland at brannen er sløkt, og at brannmannskapet berre driv ettersløkking.

Laster Twitter-innhold

– Vi har bedt om at skogbrannhelikopteret setjast i beredskap og vurderar kontinuerleg om det trengst, sa Sørensen før brannen var under kontroll.

Basen for skogbrannhelikopter er i hovudsak på Værnes i Trøndelag, og vil trenge eit par timar på å kome seg nord. Står det helikopter på basane i Narvik eller Stjørdal går dette mykje raskare.

– Det er eit stykke unna nokon busetnad. Det er i hovudsak skog i området, og ingen hus skal vere i fare, sa Sørensen.