Hopp til innhold

Godbit frå Aspmyra

NRK sin fotballekspert Arne Scheie gler seg til kampen mellom Bodø/Glimt og Tromsø 16. mai. Han spår ein spanande og jamn kamp.

Arne Scheie - fotball og DAB-radio

NRK sin Fotballekspert Arne Scheie gler seg til 16. mai-kampen mellom Bodø/Glimt og Tromsø.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

Aspmyra stadion i Bodø har vore utselt i fleire dagar, og fotballfeberen herjar i landsdelen før slaget om Nord-Noreg fredag 16. Mai. Det er og ein kamp Arne Scheie ser fram til.

- I år er det mange interessante kampar, men den kanskje mest interessante skal spelast på Aspmyra, mellom dei nordnorske storlaga Bodø/Glimt og Tromsø.

Les: - Nå er det for sent!

Scheie blei tilsett i NRK i 1971, og har sidan då kommentert kampar frå VM og EM, samt ulike cupfinalar både i Noreg og i utlandet. Likevel er det noko spesielt med 16. Mai kampane i Noreg, meiner han.

- Eg er så gammal at jeg hugsar når dei starta med dette på byrjinga av 80-talet. Det var ingen då som trudde det skulle bli den suksessen som det etter kvart har blitt. Det er alltid mykje folk på kampane, og publikum har jo tatt imot dette som om det er byrjinga på sjølve nasjonaldagen 17. Mai.

Scheie håpar tradisjonen held fram i åra som kjem.

- Dette er noko Fotballforbundet bør halde på. I Bodø har kampen vore utselt lenge, og det er morosamt. Det har jo blitt ein tradisjon å leggje dei største publikumskampene i Noreg til dagen før nasjonaldagen.

Les også: Bodø invaderes av Tromsø

Mange tøffe duellar

Bodø/Glimt og Tromsø har møtt kvarandre 46 gongar i serie og cup. Glimt har vunne 22 gongar, og har samla sett vore best, medan Tromsø har vunne 16 av oppgjera. Men sidan laga møtte kvarandre første gong i eliteserien i 1993, har Tromsø hatt eit lite overtak på Glimt i serien.

Laga møtte kvarandre også i cupfinalen i 1996. Det er ein kamp Arne Scheie har gode minner ifrå.

- Det er absolutt mitt beste minne av mange minner frå kampar mellom Bodø/Glimt og Tromsø. Glimt og Runar Berg tok leiinga, før Tromsø kom tilbake. Det var vel Rushfeldt som avgjorde på overtid til 2-1 for Tromsø, mimrar Scheie.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Spår ein jamn kamp

Kampen på Aspmyra ligg an til å bli ein skikkeleg thriller. Begge laga har fått ein god start på sesongen. Glimt ligg på femteplass i serien, med Tromsø på plassen bak.

Laga møtte kvarandre på Aspmyra i oppkøyringa til denne sesongen, og Tromsø vann 2-1 i ein jamn kamp. Arne Scheie trur det blir ein ny tøff duell mellom laga 16. Mai.

- Når eg ser på resultata, om eg held meg til 16. mai-kampane, så trur eg dette blir veldig jamnt. Glimt har kanskje ein liten psykologisk fordel ved at dei ikkje har tapt for Tromsø i 16. mai-kampane på 2000-tallet.

- Kor viktig er denne kampen?

- Prestisjemessig er det alltid viktig, men vinnaren får jo berre tre poeng. Det som likevel gjer det ekstra spanande i år, er at Glimt har starta mykje betre enn i allfall eg hadde venta, og står utan tap på heimebane. Og Tromsø har ikkje tapt på bortebane, så dette bør jo ligge an til eit skikkeleg nordnorsk oppgjer.

Har du eit tips foran kampen 16. Mai?

- Eg seier uavgjort, og om eg får halvgardere då seier eg heime-uavgjort. Men i utgangspunktet, om eg skal tippe eit resultat, så tippar eg 1-1.

Ekstrasending frå NRK Nordland

Kampen har avspark på Aspmyra fredag 16. mai klokka 18.00. Om du ikkje har billett, kan du følgjer kampen direkte her på våre nettsider, og på NRK P1.

Etter kampslutt går vi på lufta med ei ekstra Nordaførr-sending på NRK P1 for å oppsummere kampen og for å formidle feststemninga. Sendinga går på lufta etter Dagsnytt og værmeldinga klokka 20.00.

Korleis endar slaget om Nord-Noreg?

Tipp resultatet her: