– Det går ikkje på motivasjon. Eg har eit ønskje om å gjere noko anna, og har søkt skule. Eg har lyst til å studere jus, og flyttar truleg til Tromsø saman med sambuaren, seier Anders Karlsen til Avisa Nordland.
Midtbanespelaren slår fast at det ikkje er eit impulsivt val som kjem i kjølvatnet av lite speletid denne sesongen.
– Det har vore frustrerande til tider å få spele lite, men det er ikkje difor eg legg opp no. Eg føler at dette blir det rette valet for meg. Eg har ikkje lyst til å vere 36 år når eg skal begynne på fem års studiar, seier bodøguten.
26-åringen har spelt ni kampar for Glimt denne sesongen, fire av
dei frå start.