Hopp til innhold

Glimt 1-1 Stabæk

Bodø/Glimt tok leiinga, men klarte ikkje å halde Stabæk unna. Med ein mann mindre utlikna Stabæk, og sikra poengdeling på Aspmyra.

Bodø/Glimt
Foto: Lunde, Bjørn Erik Rygg / SCANPIX

- Dette er veldig bittert. Vi klarar å rote bort to poeng på slutten, og det har vi ikkje råd til.

Det seier ein meget skuffa Christian Berg til NRK Nordland. Han og resten av laget var svært nære tre nye poeng på Aspmyra, men sigeren glapp like før slutt.

- Vi var fullt på høgde med Stabæk, og burde hatt full kontroll etter at dei fekk ein mann utvist, seier Berg.

Kjempestart for Glimt

Bodø/Glimt gjekk hardt ut, akkurat som trenar Kåre Ingebrigtsen hadde lova på førehand. Laget tok heilt fortent leiinga etter 33 minutt, då Trond Olsen slo inn til Thiago Martins inne i sekstenmeteren.

Brasilianaren var først på ballen, og styrte den i mål med panna bak Stabæk-keeper Jon Knudsen.

I ein velspelt og underhaldande første omgang fekk 5.487 tilskodarar sjå ein kamp der begge laga skapte store sjansar, utan at det blei fleire mål.

Glimt var likevel best, og Stabæk sleit med å få til finspelet dei viste mot Lillestrøm sist helg.

Sterk sluttspurt av Stabæk

Etter pause blei Glimt litt meir forsiktige, og prøvde å nekte Stabæk rom. Taktikken fungerte godt, og Stabæk skapte lite, medan Glimt fekk fleire store sjansar på kontringer.

Faktisk kunne, og burde, Bodø/Glimt ha auka leiinga med både eitt og to mål.

Eit kvarter før slutt fekk Stabæk-spelar Jon Inge Høiland sitt andre gule kort, og vart utvist av dommar Roy Helge Olsen. Då såg det heilsvart ut for bortelaget.

Men Stabæk gav ikkje opp, og klarte å skape problem for Bodø/Glimt mot slutten av kampen. Ti minutt før slutt vart Johan Andersson spelt fri av Gunnarsson. Svensken satte ballen iskaldt i mål til 1-1.

Stabæk mest fornøgd

- Vi viser sterk moral i laget når vi kjem tilbake i kampen. Vi vinn eit poeng her, og tapar ikkje to, seier Stabæk-trenar Jan Jönsson.

Også Alanzinho var glad for poenget etter kampen.

- For oss var det godt å få eit poeng. Bodø/Glimt var best i første omgang, men vi var best på slutten, seier brasilianaren.

Alanzinho kan ikkje forklare kvifor Stabæk var så svake, men meiner underlaget på Aspmyra kan ha spelt inn.

- Det er vanskeleg å spele på kunstgras, og det gjorde at vi ikkje spelte Stabæk-fotball. Hadde vi gjort det, då hadde vi vunnet.

Bodø/Glimt, og Christian Berg, viste nok ein gong at laget blir vanskeleg å slå på Aspmyra i år. Men Berg meiner eitt poeng mot Stabæk er skuffande, slik kampen utvikla seg.

- Vi er sterke heime, og skulle hatt tre poeng i dag. I staden sitt vi igjen med ein middels bra start på sesongen, seier han.

Skadar for Glimt

Eit anna skår i gleden er skadar på Stian Theting og Birkir Bjarnasson. Theting måtte først ut tidleg i 1. omgang. Han kolliderte med Forko, og pådrog seg fleire brot i ansiktet.

Så måtte Glimt gjere eit nytt bytte i pausen. Birkir Bjarnasson, som var ein av heimelaget sine beste spelarar før pause, gjekk ut. Islendingen halta mot slutten av omgangen, men det er uklart kva skade han har fått.

Bodø/Glimt stilte med følgjande lag:

Pavel Londak - Stig Johansen, Stian Theting, Per Verner Rønning, Willis Forko - Runar Berg, Christian Berg, Birkir Bjarnasson - Mounir Hamoud, Thiago Martins, Trond Olsen

Følg kampen direkte