Rådmann ut mot Alstahaug-politikar: – Bidreg til å mistenkeleggjere Rana

Rådmannen i Rana kommune går hardt ut mot Venstre-politikar Hanne Nora Nilssen i Alstahaug som har bedt om en rekke innsyn i fleire kontroversielle saker på Helgeland.

Rådmannen i Rana, Robert Pettersen

– Nilssen har mistenkeleggjort mellom anna Rana kommune for å ha ureint mjøl i posen, men har ikkje bekrefta eller avkrefta dette. Kva fann ho, spør Rana-rådmann Bobert Pettersen.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Gjennom å be om innsyn skapar ein litt mistanke kring desse sakene – ein ymtar om at ikkje alt som det skal vere, seier Robert Pettersen til NRK.

NRK skreiv tidlegare denne veka om Hanne Nora Nilssen, leiar i Alstahaug Venstre, som har jobba for å få ut dokument om sjukehussaka på Helgeland. Ho vann delvis fram med si klage til Helsedepartementet, og Helgelandssjukehuset må no behandle saka på nytt.

Men Pettersen opplev at lokalpolitikaren brukar innsynsretten til å så tvil om dei offentlege prosessane bak kontroversielle saker.

Han presiserer at han ikkje er imot at ein har rett til å be om innsyn, men at det er målet om mediestøy som er problemet.

– Etter at innsynet var gjeve og ho fekk mediemerksemd, kjem ikkje Nilssen attende til desse dokumenta. Enten må det vere fordi ho ikkje finn noko interessant i dei, eller fordi ho ikkje ynskjer å snakke om saka utover det å be om innsyn, seier Pettersen.

Hanne Nora Nilssen er leiar i Alstahaug Venstre

– Eg føl opp desse sakene. Om det vert presseoppslag eller ikkje er det jo ikkje eg som styrer. Det er heller ikkje alltid ein går ut i media etter å ha bedt om innsyn. Eg brukar jo sakene internt i partiet og jobben vi gjer, seier Nilssen.

Foto: JILL-MARI ERICHSEN / Helgelendingen

– Han sår tvil om mi truverd

– Det forbausar meg at rådmannen kritiserer meg som lokalpolitikar på den måten som han gjer, seier Nilssen.

Lokallagsleiaren i Venstre meiner openheit er viktig, spesielt i små samfunn. Ho meiner det er ei styrke for demokratiet at folket veit korleis offentleg sektor vert driven og midlar vert nytta.

– Openheit ansvarleggjer dei som sit med makta, seier Nilssen.

Ho fortel at ho kjem til å halde fram med innsynskrava, trass kritikken frå rådmannen i kommunen i nord.

– Det har eg alltid gjort, og det kjem eg alltid til å gjere. Eg skulle ynskje fleire gjorde det, seier Nilssen.

– Det er ikkje stilt frå den her kanten, seier ho.

Hevdar dokumenta ikkje vert nytta

Men Rana-rådmann Pettersen skuldar Nilssen for å ikkje ta i bruk dokumenta ho får innsyn i.

– Eg har ei hypotese om at Nilssen ikkje har opna dokumenta i det heile teke, seier rådmannen.

Pettersen syner til at Nilssen har fått medieoppslag på å ha søkt innsyn i kontroversielle saker. Han er ikkje kritisk til at ho søker innsyn, men til at det vert blåst opp.

– Ho må jo ha fått tusenvis av kilo med papirar. Eg lurar no på kva ho har funne.

Helgelandssykehuset, sandnessjøen

Sjukehuset i Sandnessjøen, kommunesentrum i Alstahaug, er rota til ei av dei mest diskuterte sakene på Helgeland.

Foto: Ole -Christian Olsen / NRK

Leiar for Mosjøen næringsforeining (MON), Espen Isaksen, meiner tvert imot at innsynskrava har hatt stor verdi for dei.

– At Hanne Nora Nilssen ikkje har gjort noko ut av dokumenta Helgelandssjukehuset har gjeve ut får so vere, men det at ho har fått ut viktig informasjon har ført til at MON har utarbeida ein lang rapport med bakgrunn i talmaterialet som er kome fram, skriv Isaksen til NRK.

– Heilt meiningslaus kritikk

– Eg har jobba med dette i over tretti år og dette er ei grunngjeving eg aldri nokosinne har høyrt, seier Gunnar Bodahl-Johansen.

Han er presseekspert og tidlegare leiar av Norsk Presseforbund sitt offentlegutval, er kritisk til Rana-rådmannen sitt utspel.

– Det er hennar rett som innbyggjar og plikt som folkevald å hente informasjon om viktige offentlege saker.

Han er trygg på å ta Nilssen si side i saka.

– Det er folket det gjeld, det er jo dei sjukehuset skal tene, seier Bodahl-Johansen engasjert.

Gunnar Bodahl-Johansen

– Det er nettopp når kontroversielle spørsmål skal behandlast at ein må ha openheit for å legitimere dei avgjerder som til slutt vert tekne, seier Bodahl-Johansen.

Foto: Arkiv