– Vi må utnytte dei moglegheitene som kjem når flystripa vert flytta, seier Eirik Sivertsen.
Han er stortingsrepresentant frå Nordland for Arbeidarpartiet, og er nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen. Han har sjølv vore medlem av redaksjonskomiteen som har jobba med saka.
– Dette syner at Arbeidarpartiet er offensive, og dreg nytte av dei sjansane som byr seg, seier Sivertsen.
Etter flystripa i Bodø vert flytta, frigjerast store arealar. Det er desse Arbeidarpartiet no vil nytte til å gjere Bodø til ein «smart-by». I ein smart-by tek ein spesielt omsyn til at ein skal vere berekraftige ved å utnytte heile potensialet til transport, energiforbruk og plass.
NØGD: Sivertsen er glad for at Arbeidarpartiet går med den grøne vinden for å byggje ein miljøvenleg by.
Foto: Vilde Bratland Erikstad- Les også:
– For Arbeidarpartiet er det viktig å ta i bruk den moglegheita flyttinga gjev, lage nye, innovative løysingar med byutvikling og gjere Bodø til ein arktisk miljøby, seier Sivertsen.
– Men korleis skal dette gjerast?
– Det må vi kome tilbake til. Det som har vore viktig på landsmøtet, var å løfta fram prosjektet og sørge for at Landsmøtet kunne slutte seg til det.
– Dette gjev eit grunnlag for å arbeide vidare med å konkretisere korleis dette skal gjerast, spesielt med tanke på Nasjonal transportplan som skal behandlast i Stortinget i løpet av våren, seier Sivertsen.
Sivertsen sin komite og forslaget om å gjere Bodø til ein smart-by blei samrøystes vedteke på landsmøtet. Neste steg vert å sørge for at pengar frå Nasjonal Transportplan vert nytta til dette.
– Vi skal sørge for å følgje dette tett i Stortinget. No har prosjektet heile Arbeidarpartiet i ryggen, seier Sivertsen.
STORE ARELA: Etter flyplassen i Bodø vert flytta, opnast rom for ein heilt ny bydel. Her skal den smarte byen byggjast.
- Les også: