Hopp til innhold

Gjekk amok med kniv på NAV-kontor

Ein mann i 40-åra gjekk i dag amok på ein NAV-kontor med kniv. Politiet gjekk til væpna aksjon. – Det var ein veldig skremmande situasjon, seier NAV-tilsett.

navbodo3

VÆPNA SEG: Politiet sende to væpna patruljar til NAV-kontoret.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Det var ei svært skremmande oppleving, seier nestleiar i NAV Bodø, Berit Bygd Hedenstad.

Kl. 1245 i dag gjekk alarmen hjå politiet i Bodø. Ein mann gjekk amok på eit NAV-kontor og trakk kniv mot ein av dei tilsette. To patruljar rykka ut med det same. Få minutt seinare melder politiet på Twitter at situasjonen er under kontroll.

– Politiet væpna seg før dei gjekk inn, men sjølve pågripinga var udramatisk, seier Kai Eriksen, operasjonsleiar hjå Politiet i Nordland.

Laster Twitter-innhold

Mannen som gjekk amok var i 40-åra og av utanlandsk opphav. Han blei køyrd i arresten og skal avhøyrast. Politiet har også avhøyrd vitnar på staden.

NAV-kontoret er stengt

STENGD: Fleire måtte snu i døra til NAV-kontoret i dag, etter det blei stengd.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ei svært skremmande oppleving

– Eg var ikkje til stades, men eg har prata med dei tilsette som sto i det, seier nestleiar i NAV Bodø, Berit Bygd Hedenstad.

Mannen, som er ein kjenning på NAV, skal ha reagert kraftig på beskjed om at han måtte gjennom ein søknadsprosess for å få pengar, og at dette kunne ta noko tid.

Han blei rasande og reiv over ende skiljeveggar, velta nokre bord og kasta ein stol etter ein av dei tilsette. Då ringde dei politiet.

So drog mannen fram kniven.

– Dei tilsette handla raskt og fekk alle kundane ut før dei låste seg sjølve inne på bakrommet, seier Hedenstad. Der finst fleire naudutgangar i både samtalerom og publikumsmottaket der hendinga gjekk føre seg.

Mannen vart då ståande åleine i rommet til politiet kom og arresterte han.

– Det var ein veldig skremmande situasjon. Dei som kom derifrå var redde og skalv, seier Hedenstad.

– Er dette noko de som jobbar i NAV tenkjer på?

– Ja, det er det sjølvsagt, men det er ekkelt når slikt faktisk skjer. Av og til skjer det jo hendingar på NAV-kontoret, men dette er fyrste gong eg veit om at det er blitt brukt våpen, seier Hedenstad.

NAV-kontoret stengt

RASK OPERASJON: Politiet arresterte mannen raskt utan dramatikk, sjølv om situasjonen var kaotisk for dei som var til stades.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Får profesjonell oppfølging

Dei tilsette ved kontoret skal ha fått tilbod frå eit kriseteam om hjelp. Dei vil halde fram med å snakke om hendinga med profesjonelle, og i morgon vil verneombodet følgje opp saka.

– Det viktigaste for meg er at dei tilsette har det bra, og at dei kjenner seg trygge med å gå på jobb i morgon, seier Hedenstad.