Hopp til innhold

Gardsbruka legg ned under Sp-styret

Det er framleis ein kraftig nedgang i talet på gardsbruk. Kvart tiande gardsbruk har lagt ned under den raudgrøne regjeringa.

Sau og Sau

Kvart tiande gardsbruk har vorte lagt ned under den raudgrøne regjeringa.

Foto: Håkon Sandåker / NRK

Jordbrukssjef i Bø i Vesterålen, Tor Andersen, seier at dette er ei kjent sak.

- Det er ei kjensgjerning at talet på bruk går ned over heile landet, seier Andersen.

Les også: - Vurderer å droppe Sp-stemme

Levande bygdesamfunn

Mange stadar i Noreg er det lite igjen av draumen om eit levande bygdesamfunn. Nedlegginga av gardsbruk held fram over heile landet, sjølv om Senterpartiet sit i regjering. I perioden 2005 til 2008 har det vorte nesten fire tusen færre gardsbruk. Berre i Nordland har det i denne perioden forsvunne nesten 200 gardsbruk.

Agronom Torill Austvik hos fylkesmannen i Nordland seier dette merkast godt.

- Det er mange små samfunn som ikkje lenger har eit aktivt jorbruk. Me ser at naturen byrjar å gro igjen. Utsikta forsvinn og landskapet endrar seg, seier Austvik.

Negativ utvikling

Mange stadar held kjøt og melkeproduksjonen seg stabil, men ikkje i Vesterålen. I denne delen av fylket er nedgangen i talet på dyr markant. I denne tradisjonelt sterke saueregionen er no talet på sau i fritt fall. Nedgangen i talet på dyr er på mellom 10-15% sidan Senterpartiet gjekk i regjering i 2005.

- Det har vore ei utvikling i negativ retning. Det går stadig nedover, seier jordbrukssjef i Bø i Vesterålen, Tor Andersen.