Hopp til innhold

Går til retten

Norges fiskarlag går til namsretten for å be om stopp i oljeleitinga utanfor Lofoten og Vesterålen.

BOS Atlantic

Seismikkfartyet 'Bos Atlantic'. Norges Fiskarlag vil ha stopp i dei seismiske undersøkingane.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Det stadfestar leiaren i fiskarlaget Reidar Nilsen til NRK.

Fiskarlaget meiner regjeringa si deling av blåkveitefisket i ei nordleg og ei sørleg sone med ulike tidspunk for fisket strid med lovverket.

- Vi stiller mange spørsmål om lovheimelen for å gjere det. Det har også våre juristar gjort, og vi vil prøve det for namnsretten for å sjå om dei har rett eller ikkje.

Kva ynskjer de å oppnå med dette?

- Dersom namsretten meiner fiskarlaget har rett, så må dei i allefall opne for blåkveitefiske i området igjen. Kva følgjer det får for seismikk-skytinga tør ikkje eg seie heilt sikkert. Men her er det eit prinsipp vi håpar vil føre fram.

Bellona kan følgje etter

Også Bellona førebur seg no på å gå til retten for å stoppe dei seismiske undersøkingane til Oljedirektoratet utanfor Lofoten og Vesterålen, og i Troms.

Fagansvarleg Elisabet Sæther i Bellona vil ha ein rettsleg avklaring på korvidt seismikk er å betrakte som lydforureining, og dermed ei verksemd som krev utslepps-tillating.

Nilsen meiner det er leit at konflikten har gått så langt at saka må vurderast av namsretten. Han kan ikkje hugse at fiskarlaget har bede retten om hjelp tidlegare.

- Det har i allefall ikkje skjedd i mi tid. Vi har prøvd å finne historikk for å sjå på kva vi kan legge vekt på her, men finn ingenting. Så det er nok særs uvanleg. Vi beklagar at myndigheitene har behandla dette så politisk uklokt at dei har satt alle i ein sånn situasjon.

Fram til namsretten eventuelt avgjer at seismikkskytinga er ulovleg, held seismikkskytinga fram uhindra.

- Det vil nok ta litt tid før vi får eit svar. Kanskje kan resutlatet være klart om 4-5 dager, seier Nilsen. Juristene vi har rundt oss er nokså klare på at vi har ein god sak. Men eg er ikkje 100% sikker før namsretten har sagt sitt.

Ingen konfrontasjonar

Seismikkinnsamlinga har så langt skjedd utan konfrontasjonar av noko slag, skriv FiskeribladetFiskaren.

Seismikkskipet «Bos Atlantic» er i aktivitet vest for Lofoten.

- Det ligg nokre få autolinebåtar vest for oss. Dette er fiskarar som har erfaring frå seismikkaktivitet i Nordsjøen, og dei har eit profesjonelt forhold til denne verksemda, seier fiskerikyndig ombord Tommy Larsen.

Ved Kystvaktsentralen stadfestar Frank A. Hansen inntrykket av at sameksistensen på havet førebels fungerar bra.

Reidar Nilsen i Norges Fiskarlag meiner det har ei naturleg forklaring.

- Dei som skulle gå ut på blåkveitefiske ligg jo til kai. Det er jo hele problemet. Båtane var jo klare, og eg tippar mange av fiskarane hadde planlagt fiske for så å ha ferie med familien. Alt er jo endra no, og folk er jaget frå felta sine.

Kan dei ikkje fiske lengere nord?

- Jo, nokre av dei kan gjere det, men ein skal ikkje gløyme at enkelte har stasjonene sine ved land i sør, og er avhengige av dei. Det ligg jo i korta at dei som ror med line er avhengige av å være der dei er.