Fylkesutvalet skal drøfte Fjord1

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane skal i dag drøfte Konkurransetilsynet sitt nei til Fjord1-sal til transportgiganten Torghatten. Ankefristen for å klage på vedtaket går ut i morgon. På møtet i dag blir politikarane orienterte om kor vidt Torghatten vil anke. Ifølgje avisa Firda er fylkesordførar Jenny Følling blitt orientert om Torghatten si avgjerd. Frå før er det kjent at fylkeskommunen ikkje vil anke.