Fylkestopp for SV: «SV har ingen realistisk plan på hvordan man skal nå klimamålene»

Marius Jøsevold i Nordland SV meiner ingen, heller ikkje hans eige parti, har ein god nok plan for å nå klimamåla.

Marius Jøsevold

Marius Jøsevold meiner ingen norske parti, heller ikkje hans eige, har ein dristig nok politikk for å få bukt med klimakrisa.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Marius Meisfjord Jøsevold sit på Fylkestinget i Nordland for SV. Han har tidlegare også vore leiar for fylkeslaget og vararepresentant på Stortinget.

Sett vekk frå Miljøpartiet dei grøne er det SV og Rødt som har vedteke å kutte mest i norske utslepp.

Men Jøsevold meiner likevel at hans eige parti ikkje er dristige nok.

«SV har ingen realistisk plan»

Den 14. juli delte Jøsevold ein NRK-artikkel på si eiga facebookside. Artikkelen handla om EUs nye plan for å halvere utsleppa innan 2030.

Jøsevold skreiv at å nå klimamåla ville bli vanskeleg, og spådde at både «ytre høgre og ytre venstre» ville yte motstand mot EUs plan.

Ein facebook-ven la att kommentaren «Og SV er for alt sammen eller?».

Jøsevold svarte med å sei at hans eige parti ikkje har nokon realistisk plan for korleis ein skal nå klimamåla.

J:Og SV er for alt sammen eller?
Marius Meisfjord Jøsevold:J Kan jeg vanskelig forestille meg..! SV har ingen realistisk plan på hvordan man når klimamålene..
J:Sitter ikke du på fylkestinget for SV?
Marius Meisfjord Jøsevold:Joda!

Klimamåla er ikkje nok

Noreg nådde truleg ikkje klimamåla Stortinget hadde sett for 2020.

Ein rapport frå FN som kom i vinter, syner at klimamåla lagt fram av alle land – også Noreg – på langt nær vil vere nok for å takle klimaendringane.

Trass i at regjeringas klimamål for 2050 fekk skryt av fleire miljøvernorganisasjonar i byrjinga, vert den norske politikken framleis kritisert for å ikkje kutte «endå djupare og raskare».

Det er denne situasjonen Jøsevold meiner norsk politikk ikkje er modige nok til å ta seg ut av.

Den 150 meter høge elefanten i rommet

– Å tenke på eit tal og sei at vi skal kutte 55, 60 eller til og med 70 prosent av utsleppa våre er vel og bra, men det er berre eit tal, seier Jøsevold.

– Det som er avgjerande er jo dei tiltaka som skal til for å nå dei måla, og der oppfattar eg at alle norske politiske parti har eit problem.

Vindturbiner Frøya

Vindmøller har dei siste åra blitt eit svært omdiskutert tema, særleg i distrikta der dei vert bygde.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Ein måte å hjelpe Noreg nå klimamåla er med vindmøller, trur Jøsevold. Men han innrømmer at dei er svært politisk upopulære.

– Elefanten i rommet her er jo energiproduksjon. SV har mellom anna sagt nei til all landbasert vindkraft. So er ein sjølvsagt positiv til havvind, men realiteten er at det ikkje kjem til å vere bygd ei einaste havvindmølle innan 2030.

– Og når vi då skal kutte so offensivt på CO₂-utslepp, utan at vi har fornybar energi å fylle på med, so når vi ikkje dei målsettingane, seier Jøsevold.

Kommentarfelt under Jøstevolds facebookpost

Delar av kommentarfeltet under Jøsevolds facebook-post.

Foto: Skjermbilete

Har planen klar

– Er dykkar klimapolitikk modig nok?

– Det vil eg sei. Vi er partiet som tek klimakrisa på alvor og faktisk fremjar forslag som gjer store kutt.

Lars Haltbrekken er medlem av miljøkomiteen på Stortinget for SV og ein røynd miljøvernar. Denne veka lenka han seg fast i Repparfjorden i Finnmark saman med aksjonistar for å protestere mot ei kopargruve.

Han var blant dei som i vår sto bak eit stortingsforslag om å forby gummigranulat på kunstgrasbaner.

Han har vore sentral for utviklinga av SVs miljøpolitikk, som Jøsevold meiner er for lite konkret i tiltaka.

Haltbrekken syner til at SV har programfesta eit utsleppskutt på 70 prosent innan 2030. Dagens regjering har sett seg eit mål om 50–55 prosent kutt innan same tid.

– Vi viser i våre planar korleis vi skal klare å skaffe nok kraft til å kutte utsleppa.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken sit på Stortinget for Sør-Trøndelag SV og er medlem i Energi- og miljøkomiteen.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Innan 2030 seier Haltbrekken SV har ein plan om å mellom anna å skaffe 10–15 terawattimar (TWh) frå offshore vindkraft og fire TWh frå solceller på norske tak.

I tillegg vil dei frigjere 12–13 TWh frå norske bygg, både offentlege og private, gjennom å gjere dei meir energieffektive.

Til samanlikning produserte Noreg i 2019 kring 135 TWh, ifølgje SSB. Norsk vasskraft åleine produserte over 126 av dei terawattimane same år.

Haltbrekken meiner at desse tiltaka og dei andre i SVs plan vil få reknestykket med 70 prosent utsleppskutt innan 2030 til å gå opp.

Men det førutset ei auke i energiproduksjonen frå havvind, noko Jøsevold ikkje trur vil slå til.

Manglar politisk slagkraft

– Norsk klimapolitikk går for sakte og er ikkje ambisiøs nok, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdas naturfond.

Ho seier det er bra at SV er tydelege på meir ambisiøse mål om klimakutt, men meiner det er viktig at dette vert følgd opp med realistiske tiltak.

Andaur meiner at det manglar ei felles einigheit i politikken om kva som skal til for å nå klimakuttmåla, uansett om dei er på 55 eller 70 prosent.

Generalsekretær i WWF, Karoline Andaur

Karoline Andaur seier fleire parti har gode einskilde tiltak og saker, men at det manglar politisk slagkraft på tvers av partigrenser for å faktisk få gang i det grøne skiftet.

Foto: Kristian Elster / NRK

– Ein har nokre fine formuleringar og ein har sett nokre mål, men det samla trykket som verkeleg trengs for å kutte utsleppa har vi ikkje her i Noreg.

Andaur seier naturvernarar i fleire år har sakna ein felles visjon som Noreg hadde då vasskrafta vart bygd ut på 1900-talet og då oljeindustrien vart satsa på på 1970-talet.

– Det er det største hinderet no i Noreg; mange av partia har gode enkelttiltak og gode mål, men vi har ikkje eit samla politisk fleirtal på tvers av det raude, det grøne og det blå, seier Andaur.

– Vi vil trenge mykje meir kraft

– I dag jobbar det rundt rekna 250.000 menneskje i oljeindustrien i Noreg. Vi er nøydde til å gje dei arbeid som skaffar staten Noreg eksportinntekter. Då er det industriproduksjonen som kan gje oss den erstatninga, seier Jøsevold.

Og industrien er avhengig av mykje kraft. Det er her det skortar, meiner Jøsevold.

– Skal vi ha industriproduksjon i den veldig store skalaen vi no snakkar om, so krev det enormt mykje kraft. Og den krafta har vi ikkje i dag.

Sjølv er Jøsevold tilsett som leiar for samfunnsutvikling i Freyr, eit selskap som skal bygge store batterifabrikkar som vil krevje svært mykje straum.

– Når du då også trekk fram det at SV seier nei til storskala vindkraft på land – meiner du at ditt eige parti ikkje er modige nok i klimapolitikken?

– Det vil vel forsovidt vere nærliggande å trekke den konklusjonen.

Han innser at vindmøller er eit til tider upopulært tema å kjempe for politisk.

– Realiteten er likevel at vi må ha mykje meir fornybar energi, og vi må ha det fort, seier Jøsevold.