Hopp til innhold

Frp vil privatisere vinmonopolet: – Kan gå på Rema 1000 og få ei god flaske vin

Framstegspartiet (Frp) meiner det private bør ta over Vinmonopolet. Sosialistisk Venstreparti (SV) trur det vil vere uheldig for distrikta.

Vinmonopolet - bilde av en reol med rødvinsflasker. En hånd strekker seg inn fra høyre og henter en flaske ut fra en hylle.

VIL PRIVATISERE: Framstegspartiet har foreslått å la private aktørar ta over alkoholsalet. – Eg forstår verkeleg ikkje kvifor, seier Aase Refsnes i Sosialistisk Venstreparti.

Foto: Xin Li

– Vi meiner det statlege eigarskapet er for omfattande og stort. Det er ikkje nokon grunn til at staten skal selje alkohol når andre heilt fint kan gjere det.

Det seier Sivert Bjørnstad, stortingsrepresentant for Frp og næringspolitisk talsperson.

I dag er staten både regulerande myndigheit og eigar, noko Frp meiner fører til rolleproblem.

– Vi meiner det kan bli løyst betre om staten berre regulerer verksemda, medan andre står for salet, seier Bjørnstad.

Trur tilbodet blir betre

Torsdag behandla Stortinget eigarskapsmeldinga til regjeringa. Der går dei gjennom alt det staten eig, og eit av forslaga til Frp er å privatisere vinmonopolet.

Sivert Bjørnstad (Frp)
Foto: Anne Cecilie Remen / NRK

Bjørnstad viser til at andre land i Europa har private som sel alkohol, og at staten regulerer korleis det kan gjerast.

– Blir det eit betre tilbod til folk flest då?

– Vi trur det. Då blir det marknaden som styrer og ein kan gå på Rema 1000, Kiwi eller Coop-butikkar og kjøpe seg ei god flaske vin, seier Bjørnstad.

– Mykje betre ordning for distrikta

Han forklarar at nokon heilt sikkert kan ta over den spesialiserte kompetansen som Vinmonopolet har på vin og andre alkoholhaldige drikkevarer i dag.

Det kan gi spesialiserte butikkar som liknar på Vinmonopolet.

Kva skjer med små vinmonopol i distrikta?

– Det her vil vere ei mykje betre ordning for distrikta, fordi heilt ordinære matvarebutikkar får moglegheit til å selje vin. I dag har ein også moglegheit til å bestille vin og få det tilsendt heilt til døra.

Les også De har teltet utenfor kjøpesenter i en uke for dette øyeblikket

Thomas og Lauren på Burgund-slipp

Det vil også vere mogleg med det nye forslaget, seier Bjørnstad, som legg til at alt er best løyst av konkurranse.

– Monopol høyrer eigentleg til fortida. Det er ikkje gode grunnar i seg sjølv til å halde oppe monopol.

Har ikkje trua

I Steigen kommune, med sine dryge 2500 innbyggarar, har det vore vinmonopol sidan 2016.

Ordførar Aase Refsnes (SV) trur ei privatisering kan vere uheldig for distrikta.

Ordfører i Steigen Aase Refsnes
Foto: Elena Junie Paulsen / NRK

– Eg forstår verkeleg ikkje kvifor vi skal endre på noko som fungerer så godt som Vinmonopolet. Vi har nok verkelege problem her i verda og bør fokusere på dei.

Refsnes meiner at dersom marknaden får bestemme, så er det gjerne i dei sentrale strøka at ein har det beste tilbodet, og kanskje ofte det einaste tilbodet.

– Så for oss i distrikta og som har vinmonopol, trur eg at det er best at Vinmonopolet står slik det er i dag, slik at vi også då har moglegheit til å kjøpe vår vin når vi ønsker oss det.

Les også Fagforbund om Vinmonopolet: – Dette er ikke akseptabelt

Bilde av inngangen til et Vinmonopol. Det er elektriske skyvedører og tegninger i sort og oransje på dørene. Over inngangen henger store bokstaver som staver VINMONOPOLET. Bak dørene synes hyller og rader med alkohol, foran dem er kasseområdet.

– Ka betydning får det for Steigen dersom Vinmonopolet blir privatisert?

– Det vil tida vise viss forslaget går gjennom, noko eg ikkje trur. Vinmonopolet har vist seg, gjennom å etablere seg i relativt vesle Steigen, at dei er opptatt også av distrikta. Ein nær butikk eller kjede treng ikkje å ta dei same omsyna.

Tilbodet og ulike varer blir betrakteleg mindre viss forslaget får stor oppslutnad, meiner Refsnes.

– Polet i Steigen var eit veldig godt tilskot til kommunen. Slik eg oppfattar det, set befolkninga pris på å ha det tilbodet. Vi er nøgde med å ha det nære, og det verkar som fleire og fleire små kommunar som får det.

Les også Bjørn lagar vin frå verdas nordlegaste vingard – i framtida kan det bli fleire som han

Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø er vinbønder i Sogn.