Hopp til innhold

Frå laurdag er det forbode å brenne bål

Frå og med påskeaftan er det ulovleg å brenne bål i nærleiken av skogen.

Bål og grilling av pølse Bål og grilling av pølse

FORBODE: Frå påskeaftan kan ein ikkje lengre nyte pølsegrilling om ein går tur i skogen.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– No forsvinn snøen mange stadar, og sola varmar godt. Med litt vind er det perfekte forhold for ein brann.

Tor Erik Skaar er informasjonsrådgjevar hjå Norsk Brannvernforeining. Han understrekar at det ikkje er ei tilråding.

– Det er eit forbod. Det er klart at vêr og temperatur varierer mellom Kirkenes og Kristiansand, men lova gjeld likevel, seier Skaar.

I fjor blei bålforbodet noko mindre strengt. Til då var det eit totalforbod. I dag gjeld regelen "i eller i nærleiken av skog og annan utmark". Det tyder at ein kan gjere opp eld i opne område, spesielt om det er snødekke.

– Brannvesenet har lokal myndigheit til å utvide forbodet om dei ser det trengst, seier Skaar.

Tor Erik Skaar

BRUK HOVUDET: Tor Erik Skaar meiner det viktigaste ein gjer er å nytte sunn fornuft.

Ikkje trygt om vinteren

– Ein skal ikkje ta lett på at brannar kan spreie seg, også på vinterstid, seier Skaar.

I januar i 2014 førte ein lyngbrann til at 64 bygningar brann ned i Flatanger i Nord-Trøndelag. Same månad herja ein brann i Lærdal sentrum, og 17 heimar brann og nær 700 menneske blei evakuert.

– Det viktigaste er at ein har hovudet med seg, og brukar sunn fornuft, seier Skaar.

Brann Flatanger

STORBRANN: Lyngbrannen i Flatangen byrja truleg med ein gneiste frå ei leidning, men syner at brann kan herje, også om vinteren.

Foto: Ove Magne Ribskog / Flatangernytt.no

– Ein kan bruke hovudet

Uforsiktig bruk av eld ved bålbrenning og grilling er den vanlegaste årsaka til skogbrann. Ifølgje DSB skuldast ni av ti skogbrannar menneskeleg aktivitet.

– Me bur i eit langstrakt land. Nokre stadar er det trygt å brenne bål i mai, medan andre stadar er det uforsvarleg i mars, seier Lasse Heimdal Generalsekretær i Norsk friluftsliv.

Generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk friluftsliv

MÅ VURDERE SITUASJONEN: Endringane som kom i 2016, let turgåarar vurdere om det er trygt å fyre opp bål. Heimdal ber dei vurdere saka nøye.

Foto: Joe Urrutia

– Det viktigaste ein kan gjere er å tenkje over kva ein gjer, og bruke fornufta, seier Heimdal.

Nokre kommunar ser at turgåarar ynskjer å brenne bål, sjølv når forbodet gjeld. Dei kan då leggje til rette med gruer på rasteplassar og populære turstiar.

– Bålbrenning er ei stor glede for mange turgåarar. Slik tilrettelegging er eit godt tilbod frå kommunane si side, seier Heimdal.

Ingen skal ta bålgleda frå folk, men bruk hovudet.

Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.