Hopp til innhold

Berre 10 av 520 spørsmål i ny quizbok handlar om kvinnefotball: – Forventa meir av forlaget

Både tidlegare toppspelar og bibliotekar reagerer.

Fotballquizbok for barn

Berre ti av 520 spørsmål i denne quizboka om fotball handlar om kvinnefotball.

Foto: Sunniva Hestenes / NRK

Nyleg kom boka «kor mykje kan du om fotball?» ut. Ei quizbok om fotball til barn mellom seks og tolv år.

Av 520 spørsmål er ti av dei om kvinnefotball.

Det reagerte spesialbibliotekar Anne Elisabeth Kaldhol frå Deichmanske bibliotek i Oslo på.

– Eg forventar meir av forlaget for å vere ærleg, seier Kaldhol.

I kategorien om kvinnefotball, handlar til og med det eine spørsmålet om den tidlegare mannlege landslagstrenaren Martin Sjögren. Det gjer at det berre er ni spørsmål som i teorien handlar om kvinner, meiner Kaldhol.

Eg vart ganske overraska at ei quizbok som blir gitt ut av Noregs største forlag i 2023 berre har ni spørsmål om kvinner

Les også Jonas kjøpte quizbok til barn før påska – men klarte ikkje sjølv å svare på spørsmåla

Oskar (8) og Eva (6)

Under 2 prosent

Som bibliotekar er ein del av jobben hennar å gå gjennom nye utgivingar av bøker for å sjå om dei er interesserte i å kjøpe dei inn eller ikkje.

– Så kom denne quizboka, og eg bladde litt i ho. Plutseleg fekk eg eit lite innfall om at eg ville sjekke kor mange spørsmål det fanst om kvinnelege fotballspelarar.

Bibliotekar Anne Elisabeth Kaldhol smiler til kamera med grønn blomstertopp på Operataket i Oslo.

Bibliotekar Anne Elisabeth Kaldhol det burde vere meir enn ein spørsmålskategori dedikert til kvinnefotball.

Foto: Privat

Ho bladde gjennom heile boka for å vere heilt sikker, men ut ifrå utrekningane hennar tilseier det ein kvinneleg spørsmålsprosent på 1,73 prosent.

– Eg tenkjer at kvinnefotballen generelt og kvinnefotballen i Noreg har komme mykje lenger i dag, og er så bra, at det burde vere naturleg for dei å ha det med. Det burde ikkje berre vere ein ettertanke, seier Kaldhol.

Betre løysing

Ho meiner det burde vere meir enn ein spørsmålskategori dedikert til kvinnefotball.

– Då kunne ein kanskje prøvd å anten ha ein kategori om Ada Hegerberg eller Caroline Graham Hansen. Eller så kunne ein erstatta nokre av dei ved å ha hatt med spørsmål om fleire kvinnelege fotballspelarar, seier Kaldhol.

Lyons Ada Hegerberg

Ada Hegerberg er ein norsk fotballspelar som spelar for Olympique lyonnais og det norske landslaget.

Foto: Adam Ihse/TT NYHETSBYRÅN / NTB

Både Erling Braut Haaland, Joshua King, Ståle Solbakken og Martin Ødegaard har eigne kategoriar med heile ti spørsmål kvar.

– Hadde tittelen på boka vore «Kor mykje kan du om herrefotball?» og dei hadde droppa den eine quizkategorien så hadde det på ein måte vore betre. For då hadde det vore meir reindyrka produkt mot herrefotball, seier Kaldhol.

Burde quizboka hatt fleire spørsmål om kvinnefotball?

– Dårleg handverk

Bibliotekaren er ikkje den einaste som reagerer.

Det er rett og slett dårleg handverk, og at den ikkje følgjer med i tida.

Det seier Anette Sandanger Nybø. Ho er sjef for NTG i Bodø, og er tidlegare toppspelar for Grand Bodø og Stabæk.

I ei tid der Noregs Fotball Forbund satsar på like læringsmoglegheiter for gutar og jenter i fotballen, passar ikkje denne boka inn, meiner ho.

Eg kjem ikkje til å kjøpe boka. Eg har ei jente på 12 år og eg tippar at ho ikkje heller vil lese boka.

Ragnfrid Trohaug er forlagssjef for Cappelen Damm barn og ungdom. Ho erkjenner at boka kunne hatt fleire spørsmål om kvinner.

Anette Nybø smiler med det brune håret i hestehale ikledd en blå NTG t-skjorte forran en kvit bakgrunn.

Tidlegare toppfotballspelar, Anette Nybø, meiner quizboka ikkje held mål i 2023.

Foto: Kent Grundstad

Burde fått enda større plass

I etterpåklokskapens namn er det opplagt at kvinnene burde ha fått enda større plass. Sjølv om ein kategori er via til kvinnelege stjernespelarar, kunne til dømes både Caroline Graham Hansen og Ada Hegerberg hatt eigne kategoriar, seier Trohaug.

Ho understrekar vidare at fleire av kategoriane omfattar kvinnelege spelarar indirekte.

– Kategoriar som fokuserer på klubbar som Chelsea, Manchester United, PSG og Arsenal, omfattar både kvinnelege og mannlege spelarar. Slike kategoriar sett søkelys på felles aspektar som by, historie, stadion, draktfargar og supportarar, uavhengig av kjønn, seier ho.

– Er ikkje det veldig utydeleg at boka indirekte omfattar kvinnelege spelarar når det er barn mellom 6–12 år de skal nå?

Ragnfrid Trohaug

Ragnfrid Trohaug er forlagssjef for Cappelen Damm barn og ungdom. Ho erkjenner at boka kunne hatt fleire spørsmål om kvinner.

Foto: Cappelen Damm

– Som sagt, i etterpåklokskapens namn er det opplagt at kvinnene burde ha fått enda større plass.

Trohaug meiner det er viktig å styrke kvinnefotballen, og at quizbøker om fotball for unge lesarar kan bidra til det.

– Vi har tatt med kvinnene på laget i denne boka, men den mangfaldige representasjonen kunne ha vore enda betre.

I framtida lova Trohaug fleire quizspørsmål som handlar om kvinner og fotball, som både små og store jenter og gutar kan svare på.