– Du slepp den konstante duren heile tida, seier gravmaskinførar i Veinor, Thomas Johansen.
På anleggsplassen i Sjøgata i sentrum av Bodø er det berre elektriske gravemaskiner som får jobbe.
Kommunen har nemleg forplikta seg til at alle nye anlegg i byen skal vere utsleppsfrie frå 2025. Og dei er allereie i gang.
Gravmaskinførar Thomas Johansen seier ei elektrisk gravemaskin er heilt lik ei vanleg ei. Den lagar berre mindre lyd.
Foto: Bente H. Johansen / NRKDette er det første utsleppsfrie anleggsområdet i Nordland.
– Vi veit at kloden vår treng at vi tenkjer mykje meir på den enn det vi har gjort fram til no. Det å klare å få ned utsleppa på anleggsplassar er veldig viktig i arbeidet med det grøne skifte, seier ordføraren i Bodø kommune Ida Maria Pinnerød (Ap).
Oslo har kome lengst
Bygg- og anleggsnæringa i Noreg står for 3,4 prosent av vårt totale klimagassutslepp. Det seier forskar i Sintef, Marianne Kjendseth Wiik.
– Det er viktig å ta ansvar for å redusere klimagassutslepp, også frå anleggsbransjen, viss vi skal oppnå nasjonale og internasjonale klimamål.
Nesten 95 % av klimagassutsleppa i byggefasen kjem frå dieseldrivne anleggsmaskiner og tungtransport, ifølge Sintef.
Oslo kommune er dei som har kome lengst i arbeidet med ein grønare byggeplass, ifølge Wiik. I 2021 hadde dei rundt 30 utsleppsfrie byggje- og anleggsplassar.
– Slike byggjeplassar fører også til betre luftkvalitet og mindre støy, seier Wiik.
– Innser at omstillinga kjem
Interessa for å bli meir berekraftig i bransjen er til stades. Det same er investeringsviljen, seier Arne Presterud, forbundssekretær i Norsk Arbeidsmandsforbund.
– Bransjen ser ut til å innsjå at denne omstillinga kjem. Entreprenørar jobbar godt med berekraft og er interesserte i å investere i grøn utvikling.
Men det er ein høgare kostnad på el-maskiner og ei utfordring med lading og kapasitet, fortel han.
– Store entreprenørar har nok større økonomiske musklar for å greie overgangen, utfordringa er nok større for mindre entreprenørar.
Dyrt med el-gravemaskin
Det er litt dyrare med anlegg utan dieselmaskiner, men det finst også statlege tilskot som kan søkjast om.
I anleggsprosjektet i Bodø utgjer meirkostnad for elektrifiseringa 9,5 millionar kroner, skriv Bodø kommune. Det er cirka 10 prosent av den totale kostnadsramma.
– Det er ikkje bompengebruk vi bruker dette til, det er kommunen og staten sine tilskot som dekker det, seier prosjektleiar i Bypakke Bodø, Truls Eirik Moan.
Staten dekker halvparten av meirkostnadene, og kommunen går inn med den resterande halvparten gjennom klimabudsjettet sitt.
Det er selskapet Veinor som har anbodet på jobben, og prosjektleiar Robin Edvardsen seier at dei leiger dei to elektriske gravemaskinene, og har vidare planar om å investere i elektrisk lastebil.
Prosjektleiar i Veinor, Robin Edvardsen seier at dei må bidra der dei kan.
Foto: Bente H. Johansen / NRK– Kommunen stiller krav til dette og kloden treng hjelp. Sjølv om vi er ein små i det store bilde, må vi bidra der vi kan.
Rådgivar for grøne arbeidsplassar i Bodø kommune, Espen Kringlen vil at fleire entreprenørar skal gjere som Veinor.
– Vi treng å finne måtar som oppmuntrar dei til å investere i grøne maskiner, i grønare transportløysingar og vi må oppfordrar dei til å bli flinkare på gjenbruk, seier han og legg til:
– Vi står på heilt fint steinmateriale, så det er viktig at vi ikkje deponerer det og kjøper inn nytt.