Fleire hundre tusen tonn fisk forsvinn i mørketal kvart år.
Den døyr utan at han vert registeret.
Det seier havforskarane ved Havforskningsinstituttet i ein ny vitskapeleg artikkel.
– Fisk som ikkje vert tatt opp i båten vert heller aldri registrert, seier Maria Tenningen og legg til:
– Dermed kan mykje fisk gå under radaren når vi forskarar skal berekne kor store fiskebestandane er.
Årsaka trur dei mellom anna handlar om at fiskarane slepp ut fisk som er for liten.
Men det er ikkje fiskarane einige i.
Mørketal i nota
Årsaka til at fiskarane kastar ut fisken meiner forskarane handlar om at dei ikkje vil rekne liten, eller feil slag fisk inn i kvoten deira.
Men dette kan føre til at kvotane blir sett på feil grunnlag.
Fisket kan då potensielt bli anten mindre berekraftig eller mindre lønsamt.
Det er fordi bestandane kan vere større enn det forskarane er klar over.
Difor reknar forskarane med at kvotane kunne vore 10–20 prosent høgare.
I staden døyr fisken uregistrert på havet.
Ifølgje forskaren kan samfunnet gå glipp av eit fiske på mellom 50 og 200 tusen tonn i året, avhengig av art og dødelegheit.
Men det er berre på kort sikt.
På lang sikt kan det vere at vi fiskar meir enn bestanden toler, meiner Tenningen frå Havforskingsinstituttet.
– Potensielt kan det vere eit stort problem.
– Kjenner meg ikkje igjen
I dei store bestandane av sild og makrell kan ein liten prosent med uregistrert død fisk verte eit stort tap i tal på fisk og i verdi.
Men silde- og makrellfiskar Einar Meløysund er ikkje samd med forskaren.
– Blant norske fiskarar vil eg seie at det var eit visst problem for 20–30 år sidan. I dagens fiskeri kjenner eg meg overhovud ikkje igjen.
Meløysund trur norske fiskarar har gode rutinar på å ta opp all fisk – også den fisken som er for liten, sjølv om den også vert trekt frå kvoten.
Fiskaren meiner problemet må ligge i andre fiskeflåtar enn den norske.
I Noreg har fiskarane nemleg ikkje lov til å kaste ut fisk som er død eller døyande.
– Mange andre nasjonar kan hive fisk på havet lovleg. Her i Noreg vert vi overvaka av fly, drone og kystvakt. Det er ingen som tørr å sleppe fisken slik på havet, seier Meløysund.
Fiskarane kan få store bøter for å sleppe eller kaste fisk.
Men Meløysund trur at meir enn det trur han norske fiskarar har eit anna medvit rundt kasting av fisk.
Han får stønad frå Steinar Jonassen, dagleg leiar ved Nordland Fylkes Fiskarlag, som òg tviler på at det vert kasta mykje fisk.
– Mitt inntrykk er at fiskarane gjer sitt aller beste for å berge fangsten. Kan dei unngå å gå ein ekstra tur på havet er det pengar spart det òg.
Han forklarar at fiskarane tek prøvar av fangsten før han vert trekt samen.
Om det er for mykje liten fisk, eller fisk av feil slag, slepp dei fisken ut igjen før han døyr av stress i nota.
Noreg manglar data
Tenningen frå Havforskingsinstituttet understrekar at forskinga deira handlar om både norske fiskarar og utanlandske fiskarar mellom anna frå EU.
Sjølv om dei ulike landa fiskar på ulike vis, er det ingen tvil om at fisk døyr utan å verte registrert også i Noreg.
– Noreg har ingen data på kor mykje fisk som vert sleppt og kor mykje notesprenging som skjer her i landet.
Det kan Kystvakta òg skrive under på.
– Kystvakta meldar det dei kan, men smotthola er mange og underrapporteringa er stor, seier Torill Herland, kommunikasjonssjef i sjøforsvaret.
Kystvakta har 15 fartøy. Difor klarer dei ikkje å vere overalt heile tida.
I 2020 hadde kystvakta 11 store meldingar om utslepp av fisk. Det er ein sum av både notesprenging og utkast av fisk.
Hittil i 2021 har dei meldt om fire slike forhold.
Herland bekreftar at dei har overvakingsfly som vert nytta fleire hundre timar i året. Men det kan berre dekke eit lite område om gangen.
Og norskekysten er lang.
Difor kan bevisets stilling vere utfordrande.
– Kystvakta har langt fleire observasjonar enn dei har meldingar.
Fiskarane er pålagt å rapportere om notesprenging når det skjer. Men så langt fiskerikontoret veit er det svært få som rapporterer om slikt.
– Det er viktig å få ein idé om kor stort problem det eigentleg er. Då veit vi heller ikkje kor mykje innsats vi må leggje i å få rett berekning på kor store bestandar vi har av til dømes makrell og sild, seier Tenningen.