Hopp til innhold

Foreldre uroa for asylmottak

Noregs største asylmottak vert planlagt ålassert i ein nedlagt militærleir på Andøya. Men militærleiren vil ikkje berre huse mange hundre asylsøkarar.

Militærleiren i Skarsteindalen på Andøya

Andøy Ungdomsskole flyttar også inn i leiren etter at den gamle skulen vart stengt før sommaren på grunn av helsefare.

Foto: NRK

Andøy Ungdomsskole flyttar også inn i leiren etter at den gamle skulen vart stengt før sommaren på grunn av helsefare.

Roar Pedersen er far til ein gut ved skulen, og han er no uroa.

I uvissa

- Eg er uroa for dette. Me veit ingenting om dei som kjem hit som flyktningar, seier Pedersen.

Skarsteindalen-leir utanfor Andenes kan verte Noregs største asylmottak med opptil 1.200 sengeplassar, men asylsøkarane vert ikkje aleina i leiren. I vår vart andøy ungdomskule lagt ned fordi skulen var helsefarleg. I påvente av at ein ny skule står ferdig om nokre år, skal omlag 150 elevar også ha skule i militærleiren.

Kan få Norges største asylmottak

Leiar i samarbeidsutvalet ved skulen Yngve Laukslett fortel at han vart veldig overraska da han fekk vite at elevane skal dele leiren med asylsøkarar.

- Eg fekk sjokk då eg høyrte det. Men eg byrja tenke meir positivt etter å ha tenkt meg om. Me kjem ikkje utanom at det vert eit mottak der, seier Laukslett.

Vil ta i mot fleire asylsøkarar

Ingen grunn til uro

UDI har allereie bestemt seg for å opprette eit asylmottak i militærleiren. Avdelingsdirekør i UDI, Per Engan-Skei meinar foreldrene ikkje har grunn til å vere uroa.

- Dei har ikkje grunn til å uroe seg. Det skal vere ordna forhold mellom skulen og asylmottaket, understrekar Engan-Skei.

Her kommer det nye asylmottak

Roar Pedersen som er far til ein gut ved Andøy Ungsomsskule tykkjer UDI no må tenkje seg om.

- Dei bør vente med å plassere asylmottaket der til den nye skulen er ferdig, seier han.

Noregs største asylmottak på Andøya