Hopp til innhold

Førarkort på prøve

Ferske førarkort bør ha sterke avgrensingar og kun verte gitt på prøve meiner Trygg Trafikk.

 

 

Førerkort
Foto: Camilla Bilstad / NRK

Staten må legge sterke avgrensingar på førarkorta til dei yngste bilførarane.

Det meiner Trygg Trafikk er naudsynt for å få ned talet på ulukker på vegane.

 No vil organisasjonen ha staten med på ei prøveordning med forbod mot natt - og helgekøyring.

 

 

Restriksjonar

- Ein bør som 18-åring få ein del restriksjonar på køyringa. Til eksempel bør ein ikkje få lov til å køyre om natta, i helgane og ein bør heller ikkje få ha passasjerar, seier fylkessekretær Harald Heieraas i Trygg Trafikk.

18- åringer har 40 gonger større risiko for å bli utsett for trafikkulukker enn førarar over 25 år. Statistikken viser også at risikoen fell kraftig etter at dei unge bilførarane har hatt lappen i eit år.

Prøveordning

No ber Trygg Trafikk Samferdselsdepartementet om å innføre ei prøveordning der dei yngste bilførarane kun får førarkort med sterke avgrensingar.

Trygg Trafikk viser til særs gode resultat med avgrensa førarkort andre stadar i verden.

- I Canada har dei gjort nokre særs positive forsøk med avgrensa førarkort. Dei har redusert talet på ulukker iblant 18-åringar med 30-40%, seier Heieraas.

Skal vurdere

Samferdselsministar Liv Signe Navarsete seier at ho skal vurdere forslaga som kjem.

- Eg skal vurdere forslaga som kjem, men kan ikkje idag seie noko om dette er noko eg kjem til å gå inn for. Men eg tykkjer det er eit positivt innspel og tykkjer det er interessant å sjå kva ein har gjort i andre land, seier Navarsete.