Når det er sommar og kleda sit laust slår dei til.
Insekta.
Myggen stikk når du mist anar. Kleggen sit på leggen. Og fluga summar rundt øyrane.
Og i år kan de bli enno fleire enn før. I alle fall i Nord-Noreg.
Våt vår og bråvarme er nemleg den beste oppskrifta på insektbabyboom.
– Som i ei bikube
Og nett det fekk Kriss Bodøgaard frå Bodø oppleve. På tur opp Steigtind, eit av dei mest populære turmåla i området, begynte det å sverme om han.
– Det var som å gå inn i ei bikube. Det var fluger på alle kantar.
– Eg har opplevd det før, men aldri så ille som no, seier han.
FLUGER: Kriss Bodøgaard blei omringa av fluger på Steigtind i Nordland. Det kjem det til å bli meir av denne sommaren.
Foto: PrivatFluga blir tiltrekt av duftstoffa menneska skil ut. Med sol og varme vert dei meir aktive og det kan virke som at det er enno fleire av dei.
Svartfulga er svært irriterande. Det er ikkje utan grunn han heiter irritans på Latin:
Heldigvis for Bodøgaard hadde han rusta seg med ei lue. Ho tok unna for mesteparten av flugene.
– Mange sette seg på lua. Det høyrdest mest ut som ein summetone.
Christian Steel, biolog i Sabima fortel at dette er typisk for insekt i arktiske strøk.
– Ein veit aldri når sommaren kjem og kor lang han blir. Det gjeld å hive seg rundt. Det kan bli haust før ein veit ordet av det, seier han.
SVERM: Familien møkkfluger har over 300 forskjellige arter i Noreg. I ein sverm kan det vere fleire typar involvert.
Foto: METTE LØKVOLL / PRIVATDei små flugene er nemleg avhengig av sol og varme for å bli klekt. Mange av dei har overvintra som puppe eller lavar. No gjeld det å kome seg i lufta medan sola skin.
– Fluga legg alltid like mange egg, men gunstig forhold i larveutviklinga gjer at fleire overlever, seier forskaren.
MEIR AKTIVE: Varm luft gjer og at insekta flyg lenger og er meir aktive. Då kan vi også oppleve det som at det er enno meir av dei.
Men kva kan du eigentleg gjere når dei irriterer som mest?
NRK forklarer
Kva kan vi gjere for å verte mindre plaga av insekter?
Bruk myggmiddel
Viss det er snakk om mygg og knott, kan ein bruke antirepelerende myggmiddel. Det får ein tak i på apoteket.
Dekk deg til
Det beste er å dekkje seg til med klede, gjerne lyse klede i tjukt stoff.
Hald deg i bevegelse
Halde deg i bevegelse eller i vinden. Insekta er sårbare mot luftmotstand.
Sveitt mindre
Sveitte tiltrekker insekt - spesielt mygg, klegg og fluger. Om du sveitter mindre vert det mindre insekt.
Gå på natta
Gå tur på natta. Mange fluger har kviletid på natta. Mygg og knott kviler derimot på dagen fordi dei tørkar inn i sola. Dei kjem fram på natta.
– Mygghatt er mitt best tips. Då skaper du ei lita verd for seg sjølv, og slepp unna insekta, seier Steel.
Våt vår gir mange stikk
Den plutselege sommarvarmen Nordlendingane kan glede seg over, gleder altså også insekta.
Men sommarvarmen kom etter ein svært våt vår. Det kan bety at vi må vente oss meir også av dei som stikk og bit.
STIKK OG BIT: Frode Ødegaard, vitskapeleg rådgivar i NINA seier at vi kan vente oss meir av insekt som stikk og bit denne sommaren.
Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK– Dei fleste insekta som stikk og bit, likar vått vêr. Dei har larver i fuktig jord og vatn, og når varmen først kjem, etter at det har vore fuktig klima lenge, kan det bli mykje av dei.
Det seier Frode Ødegaard, vitskapeleg rådgivar i NINA.
– Så lenge det er god fukt og mykje vatn er det gode forhold for alle som bit og stikk.
Gode tider for sommarfugljegerar
Men det er ikkje berre dei irriterande insekta det kan bli meir av.
– For dei som er interessert i sommarfuglar ser det veldig lovande ut, seier gartnaren Stig Lundmo.
SOMMARFUGLAR: Gartnaren Stig Lundmo fortel at den våte våren i nord òg gjer at det vert meir sommarfuglar.
Foto: SkjermbildeDet er nemleg ein del sommarfuglartar på veg, som ikkje brukar vere i nord så ofte.
Nokre sommarfuglar ser ut til å komme lenger nord i år enn før. Andre kjem tidlegare.
Sommarfuglen Admiral er ein av sommarfuglane som no kjem lenger nord.
Foto: Nina Didriksen / NRK– Kjem insekta i periodar jamt over sommaren?
– Det er ulike arter i gruppene. Dei enkelte artane klekker om lag samtidig, men det er overlapp med fleire artar som kjem utover ein lengre periode.
Det gjeld diverre også fluger, klegg og mygg.
Men sjølv om dei er irriterande, meiner biologen i Sabima at vi òg bør vere takksame for fluger og mygg.
NRK forklarer
Viktige oppgaver insektene har
Matforsyning
Insektene driver i stor grad med pollinering og frøspredning av alle slags blomster, bær og frukter. Dermed sikrer de også vår matforsyning.
Rydder
De rydder opp i naturen ved å bryte ned død ved, blader, døde dyr møkk og lignende.
Viktige produkter
Insektene gir oss blant annet medisinske virkestoffer, silke og fargestoffer.
Påvirker livets mangfold
Med sitt mangfold, bidrar de til en mer variert balanse i naturen.
Mange stader er insektdød eit stort problem, og det har store konsekvensar for økosystemet.
– Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei er plagsame, men dei er forferdeleg viktige i naturen. Vi som er på besøk i naturen og må akseptere dei som bur her.
– Vi må nesten berre vere glade for at dei er her, seier Steel.