Hopp til innhold

Fleire sjukehus i Nordland slit

Medan utskrivingsklare pasientar trugar drifta til Universitetssjukehuset i Nordland, står Helgelandssjukehuset i nett same problemstilling. Berre Nordlandssjukehuset ser ut til å halde hovudet over vatn.

Sandnessjøen sykehus

SLITER: Sandnessjøen er eit at to sjukehus på Helgeland som slit.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

NRK fortalde denne veka om UNN sine problem med opphoping av utskriftsklare pasientar.

I 2016 venta over 2 300 pasientar som var klare til å skrivast ut frå Universitetssjukehuset, på å få komme til heimkommunen og byrje vidare rehabilitering, eller skrivast ut. Desse måtte i snitt vente i over fire dagar før dei vart skrivne ut, og dette kosta kommunar i Ofoten og Troms om lag 45 millionar kroner til saman.

Nordlandssjukehuset hadde ikkje desse problema førre år.

– Eg trur at løysinga ligg i den gode dialogen, seier Steinar Pleyum Pedersen, samhandlingssjef ved Nordlandssjukehuset.

Steinar Pleym Pedersen

NØGD: Pedersen trur svaret ligg i rettleiing frå sjukehuset si side, og er nøgd med resultata Nordlandssjukehuset syner til.

Foto: Pressefoto / Nordlandssjukehuset

– Me har eit godt samarbeid med kommunane, og det skjer sjeldan at pasientar vert liggjande lenge å vente, seier Pedersen. Eg trur det er viktig at sjukehuset er på tilbodssida med opplæring, rettleiing og råd om korleis pasienten sin tilstand er.

Helgelandssjukehuset i same knipe som UNN

– I løpet av 2016 har situasjonen forverra seg, fortel Tore Bratt, kommunikasjonssjef ved Helgelandssjukehuset.

– Me har tre sjukehus, og det er i Sandnessjøen og Mo i Rana me opplever det problemet. Mosjøen slit ikkje på lik linje.

Han kan fortelje at deira tal syner same utvikling som UNN opplever i nord. Han har ikkje konkrete tal for dei siste månadane av 2016, men kan fortelje om ein stor forskjell mellom sjukehusa.

– Om me tek Mo som eit eksempel, ligg det her seks-sju utskrivingsklare pasientar kvar dag. I løpet av eitt år vert det ganske mange, seier Bratt.

Tore Bratt

UROA: Bratt ser på situasjonen som urovekkjande, ettersom tala steig i 2016.

Foto: Pressebilde

– Nokre pasientar vert liggjande særs lenge, til dømes ein utskrivingsklar pasient på sjukehuset i Sandnessjøen vart liggjande i heile tre veker før kommunen var i stand til å ta imot vedkomande, seier Bratt.

– Det fører til at me får problem med inntak av nye pasientar til kirurgi og medisinske pasientar som tek opp sengeplassar.

– Men kva fører til desse problema?

– Det må de nesten spør kommunane om, svarar Bratt.

Er ikkje like misnøgd

Bodø kommune, med over 50 000 innbyggjarar, hadde om lag 80 utskrivingsklare døger ved Nordlandssjukehuset i heile 2016.

– Det er eit døme på kor godt det kan gjerast, seier Pedersen.

Nordlandssykehuset

EIT GODT DØME: Bodø kommune er eit godt førebilete, meiner Pedersen.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK