Hopp til innhold

Fleire samband innstilt ut dagen

Torghatten Nord opplyser om innstillingar i sambandet Lødingen-Bognes onsdag.

Årsaka er tekniske problem, skriv Vesterålen Online.

I ei oppdatering i 11-tida skriv selskapet at dei tekniske problema fører til at B-ruta blir innstilt ut dagen.

Også på Helgeland er det innstillingar.

M/F Foldøy innstiller alle avgangar i rute B. Ferja går normalt på sambandet Herøy/Søvik, så det er dette sambandet som blir utan ferje, skriv Isandnessjøen.

Årsaka er mannskapsmangel.

Fergesamband Lødingen-Bognes og Skarberget-Bognes.
Her står begge fergene pga mannskapsmangel i juli.
Foto: Anne Nielsen