Hopp til innhold

Mann løp utan klede i fleire kilometer for å varsle om brannen – fire barn sakna

– Vi fryktar at dei fem ikkje har klart å ta seg ut av hytta, og at dei kan vere omkomne i brannen, seier politileiaren i Lofoten og Vesterålen.

Jørn karlsen, Innsatsleder i politiet

Innsatsleiar Jørn Karlsen i Nordland politidistrikt opplyser om at fire av dei fem sakna er born.

Ein mann redda seg ut av den brennande hytta i Risøyhamn i Andøy i natt og får behandling for skadar.

Fem personar er framleis sakna etter hyttebrannen i Vesterålen.

– Dette er ei svært tragisk hending. Vi fryktar at dei fem ikkje har klart å ta seg ut av hytta, og at dei kan vere omkomne i brannen, fortel Per Erik Hagen, leiar for politiet i Lofoten og Vesterålen.

Dei pårørande er varsla. Politiet fekk melding om brannen klokka 04.30. Hytta er heilt nedbrent.

Hyttebrann på Risøyhamn, andøy i vesterålen

Brannen tidleg i dag morges, mens slokningsarbeidet gjekk føre seg.

Foto: Politiet

– Det er ingenting som tyder på at det er noko anna enn ei tragisk hending, seier Hagen.

Det var mannen som kom seg ut av hytta som varsla om brannen til naboar som igjen varsla naudetatane.

Mannen er ikkje kritisk skadd, men politiet seier han er utsett for ein valdsam traumatisk oppleving.

– Han måtte springe i stort sett det han låg og sov i. Han sprang ned til nærmaste nabo som låg nokre kilometer unna. Det er dårleg mobildekning i området, seier innsatsleiar Jørn Karlsen til NRK.

Ordføraren: – Prega

Alle dei seks personane er busett i Vågan kommune i Lofoten, bekreftar ordførar Frank Johnsen.

Kommunen har sett krisestab. Kriseteam for pårørande er etablert.

Dei har også oppretta to telefonnummer folk kan ringe til, eller besøke familieeininga om nokon har behov for nokon å snakke med.

Også skulane i Svolvær og Henningsvær er opne frå klokka 12. Ordføraren seier lokalsamfunnet er prega etter den tragiske nyheita.

– Det pregar oss veldig mykje. Det er mange som kjenner nokon, som har venner og andre relasjonar. Berre det å vere i krisestab er tøft, for det er mange som har nære relasjonar til mange av dei, seier Johnsen til NRK.

Ordfører i Vågan kommune forteller at de har etablert kriseteam for de pårørende etter hyttebranne.

Ordførar Frank Johnsen i Vågan fortel at de har etablert kriseteam for dei pårørande etter hyttebrannen.

Treng du nokon å snakke med? Pårørandetelefon i Vågan:

  • 75420191
  • 75420163

Det er oppretta eit pårørandesenter på Familieenheten på Sentrumsbygget i Svolvær.

Kripos kjem i ettermiddag

Sivilforsvaret er på staden og søker med drone

Det går føre seg søk i nærområdet rundt hytta, både med helikopter og langs bakken.

Krimteknikarar vil ikkje kome til Risøyhamn før ettermiddagen, opplyser politiet til NRK.

– Vi har to krimteknikarar som er på veg i bil frå Bodø. To frå Kripos skal flygast nordover i helikopter. Før dei er på staden blir det ikkje gjort noko på brannstaden, seier operasjonsleiar Ivar Bo Nilsson til NRK.

Sivilforsvaret deltar i søk i Risøyhamn, Andøy i Vesterålen.

Sivilforsvaret er blant dei som deltek i søket etter sakna i Risøyhamn.

Foto: Jitse Buitink / Radio Nordnorge

– Kunne høyrast over heile Risøyhamn

– Ein ambulanse køyrde akkurat forbi på vegen og ut frå staden der hytta ligg. Det er no ingen teikn etter brann eller røyk, seier NRKs utsende Jitse Buitink i Radio Nord-Norge, som står nokre kilometer frå branntomta.

Han seier nyheita om brannen pregar lokalbefolkninga laurdag morgon.

– Utrykkinga kunne høyrast over heile Risøyhamn. Eg vakna sjølv av han i dag tidleg. Alle lurar på kva som har skjedd og kven som er sakna.

Blir tatt hand om

– Vi gjer vårt ytste for å kartleggja omfanget av dette, og eventuelt finna dei som er å sjå på som sakna, sa Lars Halvorsen i operasjonssentralen til NRK i dag tidleg og sa at det også er sett i verk etterforsking parallelt med det arbeidet som skjer rundt åstaden.

Personen som kom seg ut er skada og sendt til Nordlandssykehuset på Stokmarknes.

– Personen vi har kontroll på, er no på Stokmarknes sjukehus, og har politifolk hos seg. Han har det ikkje bra, seier operasjonsleiaren til Dagbladet.

– Vedkommande er stabil og blir tatt hand om på sjukehuset, seier kommunikasjonsrådgivar Ida Kristin Dølmo i Nordlandssykehuset til NRK.

Risøyhammn er ein liten tettstad på Andøya i Vesterålen. Tettstaden har rundt 200 innbyggjarar. Staden der hytta ligg er eit populært turområde.

Laster Twitter-innhold