Fleire rein vert påkøyrd av tog

Talet på rein som vert påkøyrd av Nordlandsbanen har stige dei siste 25 åra, syner ein ny rapport Fylkeskommunen har bestilt. I snitt blei 198 rein påkøyrd på 1990-talet, og i fyrste halvdel av 2010-talet blei 380 daude rein. Rapporten konkluderer med at det einaste som er effektivt for å hindre slike ulukker er viltgjerde av tilstrekkeleg lengd og høgde.