NRK Meny
Normal

Fleire organiserte innbrot i skyttarklubbar

Det siste døgnet har seks skyttarklubbar blitt brotne inn i, men tjuvane var ikkje interesserte i våpen. Det einaste som er vekk er tomhylser og frosenpizza.

Laster kart, vennligst vent...

Seks skyttarklubbar vart brotne inn i, to i Gildeskål. Kun tomhylser blei stolne.

Ingen våpen eller ladd ammunisjon har blitt rørt. Andre verdigjenstandar ligg også att.

– Tjuvane har berre tatt med seg tomhylser, seier operasjonsleiar hjå politiet Jon Inge Moen.

I løpet av eitt døgn fekk politiet i Nordland melding om heile seks skyttarklubbar som hadde blitt brotne inn i; to klubbar i Gildeskål i tillegg til Meløy, Beiarn, Saltstraumen og Valnesfjord.

Laster Twitter-innhold

– Dette verkar openbart organisert. Vi trur dette kan vere same gjeng som står bak alle innbrota. Låsane ser ut til å ha blitt kutta med vinkelslipar, tang eller anna reiskap, seier Moen.

Tomhylser kan mellom anna seljast vidare for omlading, noko som mange skyttarklubbar driv med sjølv. Dei kan også smeltast om eller seljast på internett. I store mengder kan tomhylser vere verd mykje.

– Saka vert etterforska nærare. Vi har ein patrulje på ein av åstadane nett no, seier Moen.

Men, tjuvane hadde ikkje alltid hellet med seg. I den eine klubben i Gildeskål fekk dei ikkje med seg noko meir enn mat. Frosenpizza, pølser og slikt, fortel Moen.

– Vi oppmodar alle skyttarlag til å ta ein sjekk. Vi veit ikkje om gjengen har køyrd nordover eller sørover herifrå, og om fleire klubbar har hatt eller kjem til å få besøk i natt, seier Moen.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Nyhetsreportasje fra NRK.
Hver dag havner store mengder med dårlig renset kloakk rett ut i fjordene våre. En rekke store norske kommuner bryter nemlig rensekravene viser NRKs kartlegging.