Hopp til innhold

Fiskerinæringa vil ha meir pengar

Men fiskeriministaren kan ikkje love meir pengar i fyrste omgang.

Sild

Fiskerinæringa fryktar full stopp i eksporten på nyåret på grunn av mangel på kreditt.

Foto: Arild Moe / NRK

Næringa fryktar full stopp i eksporten på nyåret på grunn av mangel på kreditt.

Til neste år har fiskerinæringa behov for fire til fem milliardar kroner i kreditt for å halde fiskeeksporten i gang, men finanskrisa svekkar tilgangen på pengar.

Sildeprodusenten Lofoten Viking på Værøy har allereie merka at det er dårlegare tider, fortel dagleg leiar Arne Mathisen.

Seig marknad

- Me merkar at det er vanskelegare å få kontant -oppgjer når me skal selje varene og det tek lengre tid å få inn pengane frå kundane. dei har også vanskar med å stille sikkerheit for varene, seier Mathisen.

Han seier at dei også merkar at bankane strammar inn.

- Me merkar at bankane vil ha meir sikkerheit frå bedrifta, og strammar inn, seier Mathisen.

Han seier at dei også merkar at kjøparane er meir forsiktige enn dei var før.

- Dei vil helst kvitte seg med varene før dei kjøper nye, seier Mathisen.

Nye tiltak

Fiskebåtredernes Forbund krev at tiltakspakkene til regjeringa skal gjelde også for dei, for situasjonen kan utvikle seg til å bli svært alvorleg, i følgje administrerande direktør Audun Maråk.

- Det kan utvikle seg til å verte svært alvorleg. Eg tenkjer ikkje berre på eksportsida, men også finansieringa av fisk på fyrste hand. det me no har teke initiativ til er eit møte internt i næringa for å kartleggje utfordringane og kva slags statlege garantiar me ynskjer å vere ein del av, seier Maråk.

Fiskeriministar Helga Pedersen er einig i skildringa av næringa.

- Det er ikkje tvil om at me går inn i svært usikre tider. Me veit ikkje korleis marknaden vil sjå ut til neste år. Men eg vil understreke at me har teke grep allereie i fiskerinæringa med den finanspakka som vart lagt fram på søndag. Eg er glad for at næringa skal det møte i neste veke, slik at me får inn meldingar om korleis det står til, seier Pedersen.

Meir pengar

Administrerande direktør i Fiskebåtredernes Forbund Audun Maråk seier at dei må ha meir pengar.

- Me må gå inn å sjå om dette er tilstrekkeleg. Det me ikkje kan styre er marknaden og omsetjinga av fisk. Det kan hende i verste fall at marknaden stoppar opp og me ikkje får eksportert råstoff ut av landet. Då vil me få ein prisreduksjon som vil føre til permitteringar i fiskeria og i fiskeindustrien, seier Maråk.

Han fryktar at dette vil verte ein realitet.

- Det er klart med den marknaden me har og med dei signala me allereie får inn. Men me har opplevd før at det svingar i næringa, seier han.

Held auge med næringa

Fiskeriministar Helga Pedersen held eit ekstra auge med næringa.

- Det er viktig å få tilbakemeldingar frå næringa i slike tider, men det er ivareteke gjennom dei femti milliardane som kom til GIEK på søndag og gjennom at Innovasjon Norge fekk auka lånerammene sine med 1 milliard kroner. Desse pengane går i all hovudsak til lågrisikordningar, der marin -sektor i dag er den største brukaren, seier Pedersen.

Ho seier at dei vurderer situasjonen fortløpande.

- Me må vurdere situasjonen etterkvart og ha ein tett dialog med næringa slik at me veit korleis det står til, seier ho.

Ta risikoen sjølv

Maråk seier at sjølv om næringa får støtte er risikoen likevel stor for industrien.

- Me vil ikkje be om noko meir enn det andre næringar får, men me vil be om spesielle innretningar dersom me ser særskilte behov, seier han.