NRK Meny
Normal

Fiskerinæringa misser éin million kvar dag etter Brexit

Det er mindre enn eitt år sidan Storbritannia valde å forlate EU, men fiskerinæringa lir allereie tap, seier analytikar.

Sjarkfiske ved Ingøy

STORT TAP: Finn-Arne Egeness seier norsk fiskerieksport mistar kring éin million kvar dag på grunn av Brexit.

Foto: Allan Klo

– Det er inga tvil om at Brexit har hatt ein negativ effekt på den norske sjømateksporten, seier Finn-Arne Egeness, bransjeanalytikar for sjømat i Nordea Bank.

Egeness skreiv ein kronikk om temaet som blei publisert i Fiskeribladet Fiskaren. Han meiner ein allereie no kan sjå effektar av Storbritannia si avgjerd om å forlate den Europeiske Unionen.

– Me reknar med at norsk sjømatnæring missar kring éin million kroner kvar dag i form av tapte inntekter, seier Egeness.

Det årlige skreifiske starter i januar og varer til april

SØKK MEST: Spesielt torsken er viktig i den britiske marknaden. Kvitfisknæringa tapar betydeleg på Brexit, fordi ein stor del av torsken og hysa vert eksportert dit.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Punden vert svakare

– Marknaden har mindre tru på den britiske økonomien etter Brexit, og punden går ned i verdi. Det gjer at importerte varer vert dyrare, og etterspørselen går ned, seier Egeness.

Sjømatanalytiker Finn-Arne Egeness i Nordea Bank

HAR TRUA: Sjølv om fiskerinæringa lei tap, vonar Egeness dei klarar å tilpasse seg.

Foto: Nordea Bank

Den Engelske Sentralbanken (Bank of England) har spådd at kvar hushaldning i Storbritannia får mellom 3000 og 5000 pund mindre å rutte med i året. Det er det same som 30 000 til 55 000 mindre i norske kroner.

– Det påverkar jo heilt klart kjøpekrafta til folk i Storbritannia, seier Egeness.

Men ein svakare pund kan vere positivt for noko. Enkelte aktørar vel no å foredle råstoff i heimlandet, sidan arbeidskrafta har vorte billegare. Egeness seier at Noreg no sel meir heil torsk enn tidlegare. Det er meir fordelaktig for dei som frys fisken heil om bord, enn for dei som produserar filet.

Fiskeeksport

FOREDLAR HEIME: Med ein svak pund vel enkelte bedrifter å kjøpe heil fisk i staden for å importere ferdige produkt.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Dei greier å tilpasse seg

Situasjonen med Brexit kan for fiskerinæringa likne noko på det spente forhaldet med Russland og Kina. Over ein lengre periode hadde Noreg avgrensa eksport av fisk til begge landa.

– Slike hendingar har ein heilt klar negativ effekt på lønsamheita i næringa, seier analytikaren.

Likevel trur Egeness næringa kjem til å finne ein utveg.

– I slike tilfelle har norsk sjømatnæring synt ein fantastisk evne til å finne ei løysing. Eg vonar dei leitar etter gode, nye marknadar, seier Egeness.