Ferskvatn i havet piskar opp vinterstormar i Noreg

At isbreane smeltar er noko alle veit. No har forskarar synt ein ny konsekvens av alt ferskvatnet som renn ut i havet – stormar og uvêr her heime vert verre.

Skitten isbre på Grønland

MINDRE SALT: Oppvarminga av jordkloden gjer at meir ferskvatn frå smelta is hamnar i havet. Her på Grønland.

Foto: Henrik Egede Lassen / Alpha Film

Dei siste åra har vi opplevd mange vinterstormar. I fjor måtte eit cruiseskip med over 1300 passasjerar bli evakuert utanfor kysten av vestlandet og storm gjorde redningsarbeidet vanskeleg.

Det har også blitt sendt ut mange farevarslingar, frå nord til sør.

Ein storm i Spania i januar gjorde at fleire hundre tusen mista straumen og tre personar miste livet.

No har forskarar synt korleis dei smeltande isbreane i Arktis fører til større vinterstormar i Europa.

Varme somrar gjev kalde vintrar

Forskarane, som har publisert den fagfellevurderte artikkelen i Geophysical Research Letters, har basert seg på observasjonar og analysar av atmosfæriske data.

Analysen syner at eit dei somrane det er lågare saltinnhald i vatnet Nord-Atlanteren, vert havet raskare kjølt ned om hausten og vinteren.

Dette skjer til vanleg under smeltinga om våren og sommaren, men nokre år er det meir ferskvatn og smelting enn andre år.

Denne raske nedkjølinga aukar kontrasten mellom temperaturen i nord og i sør. For dei som hugsar naturfag på skulen, er det i møtet mellom varm og kald luft at vind blir til.

Slik fører altso varme somrar til fleire og større stormar om vinteren.

Forklarar stormar dei siste åra

Forskarane har som sagt basert seg på tidlegare atmosfæriske data. Dei har synt at tidlegare store smeltingar som har ført til mykje ferskvatn i havet, har blitt etterfølgd av ekstremt kalde hav om vinteren.

Dette har igjen hatt store konsekvensar for store vêrfenomen, som dei stormane vi har opplevd dei siste åra.

Desse store stormane, som både har skjedd og vil skje i framtida, forverrar syklusen igjen ved å påverke havstraumane.

Forskarane meiner dette problemet berre vil auke i åra som kjem då isen på Grønland og i Arktisk smeltar raskare og raskare.

Isbre på Grønland

Deler av innlandsisen med ein utløpsbre som går ut i havet utanfor Grønland.

Foto: Sentinel-2/European Space Agency

Lars Henrik Smedsrud er ekspert på havstraumar i Arktis. Han meiner konklusjonen til forskarane er plausibel. Samstundes er han noko kritisk til metodologien i undersøkinga.

Lars Henrik Smedsrud

Lars Henrik Smedsrud er universitetsprofessor ved UiB og forskar ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Foto: Universitetet i Bergen

– Det er heilt klart at vi har hatt ekstra ferske vassmassar i havoverflata sør for Grønland dei siste åra. Samstundes har hatt mange vinterstormar. Men det tyder ikkje nødvendigvis at det eine fører til det andre, poengterer Smedsrud.

Lang, lang rekke

At klimaendringane fører til stormar er jo ikkje noko nytt. At vi varmar kloden har utruleg mange ulike konsekvensar.

Eitt er at det vert varmare og våtare, men hava vert også endra. Norskehavet vert varmare, oppdrettslaks vert kvelt fordi vatnet manglar oksygen og fisk rømmer nordover.

Ikkje minst er stormbanene i atmosfæren endra. Stormar som tidlegare døydde ut i Nord-Atlanteren vil i framtida treffe Europa.

Og no er det altso synt korleis smelting av isbreane fører til fleire stormar på Sørøya, i Sandnessjøen og på Stad.

Sjå korleis klimaendringane vil påverke deg der du bur.