Hopp til innhold

Ferjepassasjerar isolerte seg sjølv

Ein bil med to passasjerar kom på ferja på Moskenes og gav beskjed til mannskapet om at dei hadde vore om bord på MS Roald Amundsen, hurtigruta som i dag har hatt eit utbrott av koronasmitte.

– Det er det all grunn til å skryte av, seier direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen.

Passasjerane vart sett i isolasjon i eigen bil på dekk. Det er vanlegvis ikkje lov, men Torkildsen seier ferjemannskap er på vakt ved bilen om noko skulle skje.