Hopp til innhold

Kuttar SFO for å spare 422.000 i år – men taper 600.000 dersom denne familien flytter

Fauske kommune vil stenge SFO i feriane for å redde økonomien. No trugar fleire småbarnsfamiliar med å flytte. Då risikerer kommunen å tape endå meir pengar.

Dina Ferstad i Faukse med familien

– Det rammer ei veldig stor gruppe, fortel firebarnsmor Dina Ferstad.

Fauske kommune har i lang tid hatt økonomiske problem.

I fjor hadde kommunen 1,5 milliardar i gjeld, og planla å gå med nesten 70 millionar i underskot. Det fekk dei ikkje lov til av statsforvaltaren.

Nå må dei kutte. Eit av tiltaka er å stenge SFO i alle feriane – på den måten kan dei spare 930.000 kroner i året.

For i år reknar dei med å spare 422.000 kroner.

Men det gjer det vanskeleg for småbarnsfamiliane. No vurderer fleire av dei å flytte frå kommunen.

Og med det kan kommunen faktisk tape endå meir pengar.

Småbarnsfamiliar vurderer å flytte

Ei av dei som ser at det vert vanskeleg å bu i kommunen når det ikkje lenger blir full SFO-dekning er Lill Therese Johansen.

Ho og mannen pendlar kvar dag kvar sin veg ut av kommunen.

Ho pendlar til Bodø, mannen til Rognan. Fauske ligg i midten.

Lill-Therese Johansen med barn
Eit av barna til Lill Therese Martinsen skal begynne på skulen til hausen. Det andre går i barnehagen førebels. No er dei i villrede om kva dei skal gjere når sønen ikkje kan vere i SFO.

– Det er klart at vi er avhengig av å ha eit SFO-tilbod om vi skal vere i hundre prosent jobb begge to, seier Johansen.

Familien er avhengig av at foreldra har den løna dei har. Difor kan ingen av dei vere heime med sonen når SFO er stengt.

– Vi har vurdert om vi eventuelt må flytte, seier tobarnsmora.

– Rammer ei stor gruppe

Også for firebarnsmora Dina Ferstad vil kvardagen bli vanskeleg med eit dårlegare SFO-tilbod. Ho og mannen driver ein butikk.

Det er auka omsetnad i feriane, difor er ho og mannen heilt avhengig av å vere på jobb nett då.

– Det er heilt uaktuelt for oss å ta så mange veker ferie i løpet av eit år, seier Ferstad.

Fleire av kundane i butikken der ho jobbar har fortalt at dei er i same båt etter at ho sto fram i lokalavisa Saltenposten med problematikken. Mange er frustrerte.

Ferstad og familien har allereie begynt å sjå på andre stader å bu. Det veit ho òg at mange andre småbarnsfamiliar i kommunen no gjer.

– Vi kikkar på tomter og hus andre stader, og har allereie fått mange tilbod, seier firebarnsmora.

Kan tape 600.000 kroner.

Men kva har det eigentleg å seie for kommuneøkonomien om Dina Ferstad og familien vel å flytte når SFO blir stengt i feriane?

Kommuneøkonomane i KS har rekna på det for NRK:

Om ein familie med fire barn og to vaksne flytter, der tre av barna er i skulealder og eit barn er i barnehagealder, vil kommunen tape pengar.

Om lag 600.000 i frie inntekter på berre denne familien.

Kommunen vil då miste både skatt og rammetilskot for dei som flyttar. Mesteparten av tilskotet gjeld barna.

Talstorleiken er ikkje presis, men kommuneøkonomane skriv til NRK at det gir ein rimeleg god indikasjon på denne flyttinga isolert, sjølv om berre eitt av barna til Ferstad er i skulealder per nå.

Må spare 30 millionar i året

Ordførar i Fauske, Marlen Rendall Berg, seier at det er eit vanskeleg val for kommunen å kutte i SFO-tilbodet. Ho har forståing for at det kan vere krevjande for nokre familiar.

– Det smertar langt inn i hjarterota, seier ordføraren.

– Vi er kome i ein situasjon der vi ikkje kan gjere strategiske og langsiktige val.

Fauske og Finneid sett fra fly. Fauskevika, Nervatnet, Vatenbygda, Moen, Øvervatnet, samt Sulitjelmafjellene er synlige.
Fauske kommune er ein av kommunane i landet med høgast gjeldsgrad pr. innbyggar.
fauske rådhus
Og dei må spare over 70 millionar kronar før dei kan begynne å betale tilbake gjelda.
Valnesfjord skole i Fauske kommune.
Difor må dei no sjå på tenestene som ikkje er lovpålagt, til dømes SFO.

Generelt sett har kommunen redusert i stort sett alle sektorar. Men kommunestyret har vedtatt å halde mindre kostbare tilbod som svømmehall og lysløype open. Det meiner dei er viktig for folkehelsa.

– Kva tenkjer du om at småbarnsfamiliar no vurderar å flytte?

– Vi håper for alt i verda at det ikkje er nokon barnefamiliar eller andre innbyggjarar som må flytte frå kommunen. Men det er klart at mange kan kome i situasjonen der dei tenkjer at det er løysinga, seier Berg som sjølv er småbarnsmor.

Ordfører i Fauske, Marlen Rendall Berg.

Ordførar i Fauske, Marlen Rendall Berg fortel at kommunen har sett på alle moglegheiter. Dei har òg måtte redusere tilbod mellom anna i kulturskulen.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Men de kan då risikere å tape pengar, om nokon vel å flytte?

– Det er alltid ein risiko for at tiltak vi gjer ikkje gir den effekten vi har rekna med. Difor må vi heile tida vurdere og evaluere tiltaka som vert gjort.

Ordføraren håper no at lag og foreiningar kan kome saman og laga tilbod i skulefrie dagar.

Men firebarnsmor Dina Ferstad i kommunen er ikkje sikker på at ho er samd i vurderinga.

– Eg tenkjer at det er andre ting ein kan gjere før det i det heile var snakk om kutte ut ein slik ordning som samfunnet er så avhengig av at er til stades, seier Ferstad.

Matkunnskapen må heves hos ansatte i skolefritidsordninga, det mener ekspertisen på kosthold og ernæring. NRK Sørlandet retter denne uka søkelyset på hva skolebarna får servert på skolefritidsordningen.

Matkunnskapen må hevast hos tilsette i skolefritidsordninga, det meiner ekspertisen på kosthald og ernæring.