Hopp til innhold

Tropedag i Nord-Noreg gjorde at politiet måtte stenge vegen til Lofotens mest populære strand

Søringane må bu seg på styrtregn medan nordlendingane endeleg kan leite fram solkremen. Vêret i nord vart so bra at politiet måtte stenge vegen til Hauklandstranda i Lofoten.

Politiet sperrar vegen til Hauklandstranda i Lofoten.

Politipatruljar sperrar vegen til Hauklandstranda på Vestvågøya i Lofoten.

Foto: Jan Eivind Fredly / Lofotposten

Finvêret har kome som eit sjokk på nordlendingane.

Ved Hauklandstranda i Lofoten måtte politiet i dag faktisk stenge vegen for å hindre at det skulle bli for trongt.

Det var Lofotposten som først skreiv om saka.

Politiet i Vest-Lofoten opplyser til NRK at vegen vil vere stengd til trafikktrykket ved parkeringa til stranda roar seg.

– Om vêret er like bra i morgon, vil situasjonen bli den same. Om det vert fullt på dei lovlege parkeringsplassane vil vi stenge vegen då også, seier lensmann Asbjørn Sjørlie.

Hauklandstranda

Hauklandstranda er eit populært mål både for lokale og turistar om sommaren. Dette biletet er ikkje frå i dag.

Foto: Lofotposten

Etterlengta sommarvêr

– Det er heilt fantastisk, berre sjå på sola, seier Henie Berglund Seppola.

Ho og Anniken Rollstad er av dei som veit å dra nytte av sydentemperaturane Nord-Noreg opplever i dag.

– Livet følast ekstra fint no. Det er jo nesten som å vere i Syden, seier Seppola.

– Vi har vore og teke morgonbadet, men det var litt kaldt, seier Rollstad.

I Sør-Noreg får servert lyn, tore og styrtregn. I Nord-Noreg finn ein 30 grader og sol.

– Det er jo rett og slett ein høgsommardag. Det er nok veldig etterlengta for Nordland, Troms og Finnmark, seier Pernille Borander, vakthavande meteorolog.

Anniken Rollstad og Henie Berglund Seppola

På stranda på Geitvågen finn Anniken Rollstad og Henie Berglund Seppola sydentemperaturar – i stor kontrast til havskodda og ullgenser-vêret dei gjekk og la seg i.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Tropedag i vente

Ein dag med minst 30 grader vert kalla tropedag. Og fleire stadar i nord i Trøndelag og sør på Helgeland nærmar seg raskt slik ein temperatur.

– Og dei høgaste temperaturane plar kome utpå ettermiddagen, seier Borander.

Dei siste dagane har havskodda lege som eit lok over store delar av landet i nord og snytt mang ein soltørst nordlending for fine feriedagar.

– Men det er godt at dei fekk den sola som var varsla. Det er ikkje noko gøy å tru at ein skal vakne til skinande sol for første gong på lenge, og so ligg den tjukke skodda over alt, seier Borander.

Men skodda heng framleis nokre plassar. Vardø lufthamn var den kaldaste plassen i landet klokka eitt i dag med 7,8 grader. Like sør, i Kirkenes, var det 21 grader.

– Med ein gong den havskodda vert liggande, er det ikkje noko gøy, seier meteorologen.

Geitvågen i Bodø

Store delar av Nord-Noreg har vore dekka av skodde dei siste dagane, so blå himmel og nærare tretti grader er kjærkomen for mange.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Ustabilt i sør

– I sør er det ein del ustabilt vêr, seier meteorologen.

Og ustabilt er det. Det er sendt ut farevarsel for store delar av Austlandet, Sørlandet og Vestlandet. Hordaland har fått varsel om styrtregn.

– Det ustabile vêret i Sør-Noreg vil også fortsetje i morgon med ein del byger, men kanskje ikkje like kraftig som det er i dag då, seier Borander.

Laster Twitter-innhold

Varar ikkje lenge

Ifølgje primstaven ser det Syvsoverdagen i dag: altso skal vêret vere slik det er i dag i sju veker, skriv Meteorologene på Twitter.

Men det slår neppe til denne veka, skal vi tru meteorologen.

Nord-Noreg og Trøndelag får stort sett fint klårvêr heile dagen, men der er fare for byger i morgon ettermiddag.

For før helga set inn kjem nordavinden. Då vert vêret ganske likt både i nord og i sør.

– Då vert det kjølig med temperaturar under normalen for nesten heile landet inn i helga og starten av neste veke, seier Borander.

– Det vert for tidleg å sei at sommaren er over, men det vert litt labert vêr over heile landet frå fredag og utover.

Laster Twitter-innhold

– Lite søvn gjer ingenting i slikt vêr

Men enn so lenge held vêret i nord.

– Det er skikkeleg godt, dette har vi venta lenge på no, seier Beate Arntzen.

Dei køyrde ut til kysten på leit etter godvêr, men fann i går berre skodde og iskaldt vêr.

– Men ei natt med lite søvn gjer ingenting når det er slikt vêr som dette, seier Arntzen.

Beate Arntzen og Agnes

– Mamma! Eg har laga suppe til deg, mamma, seier Agnes og skuflar tare i plastbøtta si.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK