Hopp til innhold

Tok sin livs fangst i lakseparadis: – Det var som ein kval

Bjørnar Brændmo fanga ein av dei største laksane sidan 50-talet i ei av landets mest brukte lakseelver.

Storfangst på laks i Beiarelva

STORFANGST: Laksen kom på 23 kilo og er 130 cm lang. Utan hjelparane Bjørn Myklebust og Åge Hammerstein hadde ikkje Brændmo fått målt laksen.

Foto: Privat

– Han styrte showet det første kvarteret.

Det fortel Bjørnar Brændmo om fangsten av det han kallar for sitt livs fisk.

Han drog nyleg i land ein laks som var på 23 kilo og 130 cm lang. Det ved hjelp av gamal stong, halvgamalt snøre og ein liten angel med makk på.

Det gjorde han i Beiarelva i Beiarn kommune, som av mange blir omtalt som sjølve paradiset for sportsfiskarane.

Bjørnar Brændmo som tok sitt livs laks i Beiarelva

FORNØGD: – Dette skjer ikkje ofte, seier ein fornøgd Bjørnar Brændmo, som var ein kilo unna rekordlaksen på 24 kilo.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

– Det er fantastisk. Vi kjente at han var stor, så det var om å gjere å vere forsiktig. Hjelparane konstaterte at det var som ein kval. Eg står berre og held og prøvar å temme han inn, seier den fornøgde fiskaren.

– Kor stort er dette for ein laksefiskar?

– Det er stort, altså. Eg er gammal sjøaure-fiskar. Så har eg blitt lurt av gode vener til meir og meir laks.

Ikkje ope for storlakskvote

– Det skjer ikkje så ofte. Eg trur at etter elva blei open for fiske i 2001, er det tidlegare tatt éin fisk på 20 kilo, moglegeins to på desse 20 åra, seier Brændmo.

Styreleiar i Beiarelva SA, Merethe Selfors, støttar seg til påstanden:

– Dette er ein av dei største laksane som er fanga i elva sidan 50-talet, seier ho.

Etter at Beiarelva SA la ut ein post av fangsten på si Facebook-profil, har Selfors fått fleire førespurnader frå skeptikarar. Var laksen eigentleg så stor?

– Då seier eg at bildet kan lyge. Ein fiskar, han juksar ikkje på slike ting.

Storåga

Storågå, Beiarelva i Beiarn.

Foto: Billy Jacobsen / NRK

I Beiarelva er det ikkje lov å ta fisk som er over 65 centimeter lange. Kvart år har styret ei midtvegsevaluering der dei potensielt kan opne for uttak av laks på inntil éin meter.

– Det har vi ikkje gjort i år, for starten på sesongen var eigentleg ganske dårleg. Vi brukar dette føre-var-prinsippet ved å ikkje ta ut meir laks enn det er tilgang på laks.

Villaksen raudlista

Årsaka er den dårlege laksebestanden. I fjor blei villaksen raudlista, fordi arten reknast som nær truga.

Selfors fortel at Beiarelva SA jobbar målretta for å auke bestanden av villaks. No har dei fått statleg finansiering til å bygge ei laksetrapp.

– Det betyr at vi får over 250 prosent auke i lakseførande strekning når vi får trappa ferdig.

Det gir eit system som kan luke ut både oppdretts- og pukkellaks.

– Minstekvota for elva er på 1705 kilo. I år var det litt over, men det var lågare enn dei to førre åra, derfor ønska vi ikkje å opne for storlakskvote i år.

Hobbyfiskaren: – Du skal behandle dei skikkeleg

– Sjølv om det er fang-og-slepp og laksen er raudlista, er det ikkje tvil om at storlaksen er interessant, seier hobbyfiskaren Brændmo.

Han er også grunneigar ved elva, og fiskar ikkje når det er andre fiskarar til stades. På dagen for fangsten stod det to menn og fiska, som gav han beskjed om å prøve seg.

– Då gjekk eg ned og på tredje kastet, pang sa det, så sat den der storingen.