Familien takkar dei frivillige i søket etter Truls Henrik (23)

Det er over ein månad sidan 23 år gamle Truls Henrik Johansen forsvann då båten hans kantra i Øksnes. Framleis er frivillige på sjøen og leitar etter han.

Truls Henrik Johansen

Truls Henrik Johansen (23) var fiskar. Etter båten hans kantra for vel ein månad sidan har han vore sakna. Han er no rekna for å vere omkomme. Det er enno ikkje klårt kva som skjedde den natta han forsvann.

Foto: Svein-Arne Nilsen

– Det er ein veldig stor innsats som vert lagt i det her, seier Morten Nilsen, stefaren til sakna Truls Henrik Johansen.

Det er no litt over ein månad sidan Johansen forsvann på sjøen i Øksnes. Både politiet, redningsskøyta og frivillige leitar framleis etter 23-åringen.

Dei siste vekene har folk frå heile landet engasjert seg i saka. Nokre har kome med pengedonasjonar til utstyr for å leite etter Johansen og andre har vore på sjøen med eigne båtar.

– Det er heilt enormt å sjå korleis samfunnet har stilt opp, seier Nilsen.

Søk ombord på redningsskøyta Knut Hoem

Redningsskøyta «Knut Hoem» har delteke i søket etter Truls Henrik, saman med politiet, Røde Kors og fleire frivillige.

Foto: Røde Kors

Fleire har samla inn pengar

I tillegg til nesten hundre frivillige i joller og fiskebåtar, har engasjerte i saka funne andre måtar å hjelpe til. Eirin Hansen samla inn over 600.000 kroner på under ei veke. Desse pengane vart brukt til kamerautstyr for bruk under vatn.

Kompisen til den sakna, Rudi Mortensen, samla inn ein halv million som vart nytta til ei oppgradering av redningsskøyta «Knut Hoem», slik at redningsaksjonar skal gå endå betre i framtida.

– For oss i familien er det enormt å sjå den oppslutninga rundt Truls sidan dag éin, seier Nilsen.

Eirin har samlet inn over 600.000 kroner

Eirin Hansen er ein av dei som engasjerer seg i søket etter Truls Henrik. På under ei veke samla ho inn over 600.000 kroner som vart brukt til utstyr som vert brukt i søket.

Foto: Privat

Håpet lev framleis

Søket etter Truls Henrik står framleis på i Øksnes. Denne veka vart svenske likhundar sett i arbeid i Vesterålen. Nilsen seier han er takksam for dei ressursane politiet etter kvart stilte opp med.

– Det var litt tregt i startfasen, men det har etter kvart kome til betydelege ressursar. Men det lokale engasjementet var på plass frå første time, seier han.

– Vi ønsker at vi får han Truls heim snart.

Laster kart, vennligst vent...

Trass i at det er over ein månad sidan båten til Truls Henrik Johansen kantra, pågår søket framleis i Øksnes.