Fekk 500 tonn sei på ti dagar: – Det er eit sant eventyr

Både båtar og fritidsfiskarar halar opp sei i rekordmengder i sommar. – Det er rett og slett vanskeleg å stoppe, seier ivrig fiskar.

Notseifiske i midnattsol utenfor Nordkapp i Finnmark

Notseifiske i midnattssol utanfor Nordkapp i Finnmark. Seien har så langt denne sesongen biten på kroken, og fleire nyt godt av den store fiskebestanden.

Foto: John Martin Johnsen / Vikanøy

Ikkje på lenge har so mykje sei blitt dratt over ripa til pensjonist og fritidsfiskar Trond Loge. Også dei som fiskar sei for sal, ei næring verdsett til halvannan milliard i fjor, har ein fantastisk sesong.

– Det er eit sant eventyr, seier Loge.

Han er lidenskapeleg oppteken av seien, ein fisk mange kan oppleve som mindre verd om det er torsk, makrell eller kveite å få.

– Om der finst ein himmel håpar eg dei serverar nytrekt sei med lever, flatbrød og rømme, seier Loge muntert.

Ferskfiska sei

– Fisken mellom 2,5 og fire kilo er best. Den kallast revsei, klubbsei, stabbsei, kommelsei – kjært barn har mange namn, seier Loge.

Foto: Trond Loge

Femti tonn dagen

Tidlegare har NRK skrive om båten «Vikanøy» som utanfor Nordkapp hala opp 500 tonn sei på ti dagar.

– Gytebestanden har rett og slett blitt større dei siste åra, seier Arved Staby, forskar ved Havforskingsinstituttet.

Han var tidlegare i år på forskingstokt frå Kirkenes i nord til Stadt i sør, og konklusjonen er tydeleg: nytt høvet og fisk i veg.

Staby kan ikkje sei med sikkerheit kva som er grunnen til den auka bestanden, men det er betydelege mengder, seier han.

Mathias og Geir Mortensen

Mathias og Geir Mortensen, to ivrige seifiskarar, har dratt i land mange storsiger denne sommaren i Gildeskål.

Foto: Geir Mortensen

– Kan varmare hav som følgje av global oppvarming hjelpe fisken?

– Vel, for yngel og larvar er ein varmare temperatur bra. Det kan bidra til større produksjon av maten desse treng, seier forskaren.

Staby seier at årets fiske vil la forskarane auke seikvoten til neste år.

Vanskeleg å stoppe

– Eg har opplevd mykje småsei, men aldri den mengda god matfisk som vi har sett i år, seier Loge.

Denne helga er han utpå igjen for å drive matauk. Han fortel at han forsyner slekt, vener og naboar med fisk.

– Når eg slepp ned juksa og halar opp 30–40 kilo flott sei, er det jo vanskeleg å stoppe, ler Loge.

Seimiddag

Loge lagar det som vert kalla gamalsei, fisk som vert salta utan å bløgge den først. Dette fører til utvikling av mjølkesyre i fisken som gjev den ein unik smak.

Foto: Trond Loge